LESERINNLEGG:

Johannes J. Vaag (arkivbilde)

Rettskafne folkevalde

Publisert Sist oppdatert

Gjennom media i den seinare tid har vi blitt gjort kjend med at mange folkevalde av ulik politisk farge som har ført opp feilaktige reiserekningar. Dette for å få meir pengar enn dei hadde rettmessig krav på. Dette er ikkje bra.

Vidare har fleire stortingspolitikarar kome i søkelyset når det gjeld bruk av gratis leiligheter samstundes som dei har leigd ut eigne bustader. Andre har gitt feilaktige opplysningar som har ført til at dei ikkje har betalt den skatten til fellesskapet som dei skulle ha gjort.

Ein statsråd slutta for kort tid sidan etter at det blei kjend at han ikkje hadde betalt den skatten han skulle. Alt dette er ikkje bra. Det som er bra er at media tek fatt i slike tilhøve.

Men alt er ikkje like svart. Mange folkevalde på lokalplanet kan ikkje seiast å vere kravstore når det gjeld godtgjering for den innsatsen som blir utført. Eg vil nemne eit døme frå Surnadal. Ved behandling av kommunebudsjettet for innverande år blei fleire sparetiltak fremma.

Eit benkeforslag som blei framsett gjekk ut på at medlemane av hovudutvala skulle ta med nistepakke på utvalsmøta. Dette for å spare pengar. Forslaget blei samrøystes vedtatt av kommunestyret i Surnadal. Vedtaket blir også etterlevd. Dette viser, etter mi meining, ei nøktern haldning frå dei folkevalde si side.

Powered by Labrador CMS