LESERINNLEGG:

Halsa - Kanestraum

Nei til Svelefri Moldefjord, trelause skogar og jordlause åkrar

Publisert

Vi står midt oppe i ei global naturkrise. Samstundes er Vegvesenet godt i gang med prestisjeprosjektet Ferjefri E39, det største vegprosjektet i Noregs historie. Prosjektet vil heilt klart få store konsekvensar for båe natur og menneskje, og krev nedbygging av viktige ressursar som matjord og naturskog. Vi har ikkje meir natur å miste, og han vert stadig utsett for nedbygging - bit for bit. 

Ferjefri E39 er sett saman av mange mindre vegprosjekt i ulike kommunar. Kvart prosjekt krev vedtak frå det lokale kommunestyret for å påbyrjast, og vedtaket kan endrast eller trekkjast dersom dei folkevalde ynskjer det. Kommunane skal i fylgje kommunelova vere klare over konsekvensane for vedtaka sine, og korleis vedtaket kan påverke innbyggjarane i kommunen, samt næringar som skog- og landbruk. Vegvesenet si satsing på E39 vil råke desse næringane. 

Det er veldig dyrt å byggje veg. Til dømes er Møreaksen rekna til å koste 24,4 milliardar kroner i styringsramma. Til samanlikning kostar nye Eidet barne- og ungdomsskule i Haram 176,5 millionar kroner. Ein kunne for same summen byggja 138 tilsvarande skular. Samstundes med denne enorme pengebruken, forfell allereie farlege fylkesvegar, då fylkeskommunane diverre har langt dårlegare råd enn Statens Vegvesen. Skal vi sikre trygge kvardagsvegar for folk flest, må den balansen endrast. 

Innan 2030 skal vi ha redusert CO2-utsleppa våre med 55%. Då vil ei storsatsing på nye vegar som vil føre til auka vegtrafikk, gjere det vanskelegare å nå dette målet. Dessutan har Ålesund, i likskap med fleire andre byar, eit mål om at samla vekst i persontransport i regionen skal takast med sykkel, gange og kollektivtrafikk, eit nullvekstmål. Auka bruk av tunnel vil også føre til minka bruk av ferje. Det vil gå utover ferjetilbodet, og ramme mjuke trafikantar hardast, då ein korkje kan gå eller sykle i tunnel. Møreaksen aukar behovet for bilbruk, og tek oss baklengs inn i framtida.

Natur og Ungdom, samla til sitt landsstyremøte 17.-18. februar, krev at Møreaksen skrotast, at ferjetilboda styrkjast, og at vedlikehald av eksisterande veg prioriterast over ny veg. 

Vennlig hilsen, Symre Johanne Aargaard

Sentralstyremedlem Natur og Ungdom

Powered by Labrador CMS