LESERINNLEGG:
Næringsområde, vindkraft, hyttebygging og framtidstru
Vi bygger ned matjord, verneverdige område, fjell og myrområde i rasende fart. Ein av ti arter i norsk natur er trua av utryddelse, vi som land har skrive under på ein naturvernavtale, Storting og regjering det samme, og Surnadal kommune er bærekraftskommune.
Det er i Norge allerede no regulert og sett av 987.000 mål til hyttebygging, 90.000 av dei i strandsonen, 57.000 mål over skoggrensa og rundt 100.000 mål i villreinen sitt leveområde.
Store veganlegg og utbygging tek enorme mengder matjord, og raudlista arter i strandsonen har snart ingen plass å vekse, eller for fuglene sin del flyge eller lande eller ete. Trekkfuglene har ikkje fleire ladestasjoner.
Alle kommuner er på papiret enige om at vi må ta vare på uberørt natur, men vi evner ikkje å sjå på oss sjøl. Alle andre må gjera det, berre ikkje vi.
Her i kommunen har vi lena oss tilbake på at vi har industriområde på Syltøran. Vi har delt ut til dels alt for store tomter, vi har ein stor nedlagt søppelplass, og vi bygger fotballhall der det kunne vore industriområde. Det er fremdeles ein del plass, men vi må sjå på området langs stranda med nye augo. I tillegg må vi sjå på andre løysinger for industri, busetting og hyttebygging, eller hyttebruk for den del. Vi må gå inn i framtida framoverlent, skape arbeidsplasser som er framoverlent og ikkje bruke løysinger for framtida som vi veit er ugunstige for moder jord og dei menneska som skal bo her.
Framtidstrua er på full retrett med krig, krigsretorikk og ufred, pandemiar som vi veit vil komme, og stadig større problem med psykisk helse. Tankegangen vår er gammeldags, men våpna er moderne.
Det sit gamle menn som i stor grad ser ut til å skulle bevise si kraft og sin manndom og sender yngre krefter ut i krig. Du kan bli motlaus når dei største nasjonene i verden i større og større grad ser ut til å bli styrt av folk som er eneveldige. Opplyst enevelde kan sikkert væra bra det, men eg har til gode å møte nokon som er opplyst.
Er det vits i det heile tatt å prøve å begrense plastforsøpling, redde trua arter og satse på matproduksjon sett opp imot dette. Ja, nokon må begynne å bruke kunnskap som vi allerede har. Med dagens kunnskap ville vi tenkt heilt annleis på industriutbygging og søppelhandtering enn vi gjorde før. Å bruke fortidas dårlege løysinger for å handtere framtida er ikkje vegen å gå. Forandring er smertefullt for dei fleste. Men den smerta må vi tåle skal vi ruste oss for framtida, både med tanke på matforsyning, arbeidsplassar og naturområde.
Kjell Gunnar Polden
Kommunestyrerepresentant MDG