LESERINNLEGG:

Johs. J. Vaag

Mange kommunar har ikkje søkt om statleg støtte til å førebygge einsemd

Publisert

I samband med behandling av revidert nasjonalbudsjett no sist sommar kom det, etter påtrykk frå Framstegspartiet, ein eldrepakke med heile 400 millionar kroner som skulle gå til å førebygge einsemd mellom eldre. Ordninga blir forvalta av fylkesmennene på vegne av Helsedirektoratet.

Pengane skal gå til tiltak som skal motverke einsemd og passivitet blant eldre. Tiltaka skal skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplassar.

I Aftenposten av 14. desember (s. 20-21) går det fram at heile 129 kommunar ikkje søkte om midlar då søknadsfristen gjekk ut i november. Over 21 millionar kroner av dei 183 millionane som var øyremerka tiltak på sjukeheimar er ikkje blitt tildelt.

Kommunane i Innlandet, Møre og Romsdal og Trøndelag kjem dårlegast ut. I desse tre fylka er det berre rundt halvparten av kommunane som har søkt.

Det nye eldreombodet, Bente Lund Jakobsen, seier det slik: «Jeg synes det er en skam at disse kommunene ikke benyttet muligheten da den lå der». Eldreombodet er mest bekymra for situasjonen i kommunane som ikkje har søkt om støtte.

Pårørande som har kontakta eldreombodet fortel om stengde sjukeheimar og ingen tiltak. Mange av desse pårørande bur i kommunar som ikkje har søkt om dei omtala pengane.

Kommunane i vårt fylke og andre som ikkje har søkt om støtte for å motverke einsemd mellom eldre får ein ny sjanse neste år. Det ligg nemleg pengar til føremålet inne i neste års nasjonalbudsjett. Og bra er det!

Røynslene frå koronaepidemien viser klårt kor viktig det er med tiltak som kan motverke einsemd mellom våre eldre. Det treng ikkje å vere så mykje som skal til. Men, positive avbrekk i ein monoton kvardag er noko mange eldre sett stor pris på.

La oss alle kvar på vår stad gjere vårt beste for å få dette til!

Powered by Labrador CMS