LESERINNLEGG:
Kommentar
Takk til Geir Allan Sæther for kommentar til mitt innlegg «Urettferdig». Det gir meg høve til å forklara ting som tydelegvis blir misforstått, eller er uklårt.
Sæther blir svært provosert over at eg skriv «pga festing og bråk og fyll», og meiner eg «dømmer hvermannsen over en lav sko». Eg skreiv også «folk som ikkje har brydd seg om smittevernreglar». Eg har ikkje tenkt å dømme nokon, ikkje ein gong alle som drikk alkohol. Det er faktisk styresmaktene (helsedirektoratet) som har tatt opp slik festing som eit spesielt problem, og politiet vil helst ha stengt fleire kranar. Dei må ut for å stoppa ulovlege og smittefarlege festar kvar natt. Og helsemyndighetene sa rett ut at problemet med å få arrangera «julebord» var alkoholen. (Kanskje det går an å arrangere adventssamlingar - «julebord» - utan alkohol?) Det var altså ikkje mi meining å dømma dei som brukar alkohol, noko som det kanskje går an å misforstå, enda eg skreiv tydeleg «dei som braut smittevernreglane». Like så lite som eg reknar med at du ønskjer å dømma alle «religiøse» og kyrkjelege når du skriv: «Under hele pandemien har religiøse tilstelninger vært en utbruddskilde for spredning, fra ett møte i ett religiøst møterom». (Dette er vel ein udokumentert påstand? Det var vel forresten sporten som først bragte smitten til landet uten at vi treng å dømme alle sportsfolk?)
Når det galdt moskeen i Østfold som hadde smitteutbrot og som var anmeldt, så er dei frikjent. Dei hadde fylgd smittevernreglane. Årsaken til utbrotet i den rumenske forsamlinga i Lyngdal er vel , så vidt eg veit, enno ikkje klargjort.
Vi veit at det har vore forholdsvis mykje smitte i innvandrarmiljø, utan at helsemyndighetene har stempla alle innvandrarar som uansvarlege. Det er vel usikkert om det skuldast mangelfull informasjon eller deira kultur og skikkar. I alle fall er det beklageleg dersom vi dømmer alle innvandrarar.
Det som trass alt var hovedsaka for meg, og som mange, også juristar, har tatt tak i som vanskeleg å forsvara, var dei urettferdige restriksjonane for kyrkjelege arrangement i høve til andre kulturelle arrangement og sport. Håper det kan rettast opp, men det ser ikkje lyst ut. Og da får du kanskje ikkje syngja med koret ditt i kyrkja, som eg beklager.
Eg ser at du har skrive i affekt, og det gjorde eg også, for eg likar ikkje urettferd, og vart kraftig irritert. Men håper dette innlegget er litt klargjerande både for deg og andre.
Einy Rendal Elgsæther