LESARINNLEGG:

Bernt G. Bøe.

Er det rett å mobbe?

Når ein prest markerer uvilje mot samarbeid med kvinnelege kollegaer, blir eg skuffa, sint og dundrande ueinig! Dette er sårande, ikkje berre for kvinner i presteyrket, men også for alle som vil vera del av, og bidra til, eit godt kyrkjeleg fellesskap. Difor synest eg sjølvvald eller pålagt oppseiing i slike tilfelle kan vera klokt og rett.

MEN: Så har ein annan prest, ein lærar og deira samansvorne funne det attraktivt å lage ein video der vedkomande blir mobba og håna så grovt at det ikkje er til å begripe! Utan skam eller blygsel heng dei ut «syndaren» – og det med heilt andre, oppdikta og falske, motiv for hans kvinnprestsyn. Dei brukar til og med kyrkjerommet, altarringen, preikestolen, prestekleda og orgelet til grov karikatur.

Mobbeofferet har trass alt gjennom seriøst bibelstudium (om enn stikk i strid med mi og mange si tolking) oppfatta Skrifta og Paulus slik at kvinner skal tene Gud og kyrkja på andre måtar enn som prest. Men i den sarkastiske videoen blir han trakassert på det mest respektlause – framstilt som sexfiksert idiot som ikkje klarar å «halde seg» viss han er attmed ei kvinne. At det går an!

Eg spør: Rettar ein opp «feil» kvinneprestsyn ved å håne meiningsmotstandarar med ein mobbevideo? Den løgnaktige framstillinga her går jo langt ut over rammene for satire og sunn ironi – som kunne ha sett eit problem under konstruktiv debatt.

Misbruken av det vigsla kyrkjerommet, instrumentet og dei kristne symbola tippar over i blasfemi. Men overtrampet gjeld først og fremst den grove mobbinga av menneske med «ukorrekt» meining. Eg kan ikkje begripe at dette er utført av ein vigsla prest og ein skulelærar.

Mobbing er ei skrikande urettferdighet som samfunnet, ikkje minst skulen, med rette brukar enorme ressursar på å bekjempe. Når det altfor sjeldan lykkast, er grunnen kanskje at mobbinga, som i dette tilfellet, så lett blir godtatt. (Det er jo artig å le – også av at andre blir plaga!) Dertil opptrer trakasseringa i så smarte forkledningar. (Sarkasme er jo ytringsfridom og skal jo svi, seiest det som unnskyldning.)

Av og til viser media noko av den ufattelege psykiske lidinga som mange menneske lever under. Statistikken har hjarteskjerande bevis på altfor mange slike tragedier.

Naturlegvis veit vi at psykiske problem har mange og samansette årsaker. Og for all del: Eg kjem ikkje med lettvinte slutningar om kva eit eller anna videoinnslag kan resultere i. Men at både skulefolk og kyrkje på simpel vis latterleggjer folk med andre meiningar, er i det minste svært lite respektfullt.

Eg har gjennom ein mannsalder som lærar og femti år i kyrkja sett mobbespøkelset og trakasseringa sine verknader på nært hald. I alle samfunnets relasjonar, men særleg i skulens oppvekstmiljø og i ei kyrkje som forkynner menneskekjærleik og respekt, er det ei ufråvikeleg grunnsetning at vi ikkje mobbar og trakasserer. Sjølv om vi ikkje likar meiningane til den eller den.

Igjen: Eg er ueinig med den som meiner at ei kvinne ikkje kan vera prest. Eg trur vedkomande mistolkar Paulus og Bibelen. Men vi løyser ingen problem ved å bruke vonde mottrekk.

Bernt G. Bøe

Powered by Labrador CMS