LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Ein ressurs for oss alle?

Etter kvart som stadig fleire eldre etablerer seg i sentrum på Skei, blir også dei felles stiane og traseane for meir eller mindre regelmessige trimturar viktig. «Lågterskeltilbod» for eldre blir dei omtala som – men eigentleg gjeld dei for oss alle. I folkehelsearbeidet blir slike tilbod meir og meir vektlagt. Og i Svartvassområdet er det tydeleg at unge, barnehagar og familiar no skal få innbydande samlings- og aktivitetsstader.

I dei 13 åra eg har budd på Skei, har eg hatt mine jamlege turar i Svartvassområdet og til Røssmoen og opp på Skei. Og vi har vore mange som har gått heile eller delar av denne ruta. Derfor har det vore med sorg at vi har registrert at noko synest å ha gått fullstendig gale med planlegginga av den flotte stien i Svartvassområdet langs elva, med fint gelender – helt fram til alt brått tar slutt nedanfor Wigum sitt hus, og det i tillegg har kome opp steinhaugar, sperrebukkar og plakatar om at all ferdsel ned mot og gjennom campingplassen er forbode for andre enn gjester. Både tråkk og sykkelspor viser at skiltinga ikkje har hindra ferdselen fullstendig.

Lite er meir gunstig for kropp og sjel enn å gå og sjå langs vatn eller rennande elv – og mange lokalsamfunn har fått til gode løysingar, slik som Volda rundt Rotevatnet, eller Sunndal langs Driva. Derfor er vi mange som no vonar at posisjonane på Skei ikkje har låst seg fullstendig, og at kommunen og Brekkøya camping kan finne fram til løysingar som er levelege for alle partar og heile lokalsamfunnet. Både elva og campingplassen er ein ressurs for oss alle – og etter mi vurdering vil det vere synd om campingplass-brukarane som er der nokre sommarveker skal ha det avgjerande ordet om korleis trafikken langs elva skal vere.

Eivind Hasle

Powered by Labrador CMS