LESERINNLEGG:

Johs Vaag

Behovet for sjukeheimsplassar bør vurderast og utgreiast i Surnadal

Publisert Sist oppdatert

Det er ei kjend sak at det er delte meiningar om det er nok sjukeheimsplassar eller ikkje i Surnadal. Det er også eit faktum at eit fleirtal i Surnadal kommunestyre har stemt ned forslag om å vurdere og utgreie om nokre av dei åtte nedlagde sjukeheimsplassane skal takast i bruk igjen. For at det ikkje skal vere tvil: Dette er fakta som heilt klårt kan dokumenterast ved å gå gjennom protokollane for dei dei to siste møta i Surnadal kommunestyre. Eg har i tidlegare lesarinnlegg sitert ordlyden i dei nedstemt forslaga. Eg finn derfor ingen grunn til å gjenta desse her.

Etter opplysningar gitt av helse- og sosialadministrasjonen i Surnadal kommune er sluttbeløpet på gebyr for ikkje å ta heim ferdigbehandla pasientar frå sjukehus 2,4 millionar kroner for året 2021. Fakturert beløp før jul til same føremål var litt i overkant av 1 million kroner.

I følgje sentrale Kostratal kostar ein sjukeheimsplass i Surnadal 1,386.000 kroner pr. år. Dette er da brutto driftsutgifter i 2020-tal.

Surnadal eldreråd har i sine kommentarar til kommunebudsjettet for 2022 samrøystes foreslått å vurdere og ta i bruk to-fire nedlagde sjukeheimsplassar. Så langt har ikkje eldrerådet sitt standpunkt fått gjennomslag i dei styrande organ i Surnadal kommune. Kanskje er no tida inne for å vurdere og utgreie om til dømes to nedlagde sjukeheimsplassar kan takast i bruk igjen? For eigen del vil eg sette stor pris på om ei slik vurdering og utgreiing blir gjort.

Presset på dei tilsette innan pleie- og omsorgssektoren i Surnadal er stort for tida. Svært stort! Stor ros til alle som står på!

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS