LESERINNLEGG:

Jenny Klinge
Jenny Klinge, Stortingsrepresentant Senterpartiet

Viktig for totalberedskapen vår

Publisert

Det er viktig for beredskapen og tryggheita vår at Totalberedskapskommisjonen no har lagt fram si innstilling. Mykje arbeid gjenstår, men arbeidet frå kommisjonen vil gjera det mogleg å ha eit breiare blikk på kva utfordringar samfunnet vårt står overfor. Ikkje minst vil vi kunne sjå ulike sektorar betre i samanheng. Dette er viktig for oss i Møre og Romsdal.

Sjølv sat eg i justiskomiteen i tolv år fram til 2021. Dette er komiteen kor ansvaret for den sivile beredskapen ligg. Saman med fleire frå Senterpartiet stod eg bak to framlegg om å nedsette ein totalberedskapskommisjon medan Senterpartiet var i opposisjon, i 2017 og 2021.

Totalberedskapskommisjonen er eit tydeleg teikn på kor viktig det er å ha regjeringsmakt for å få gjort noko. Senterpartiet vart nedstemte i Stortinget begge gongane vi gjorde framlegg om å sette ned ein slik kommisjon under forrige regjering. Kort tid etter at vi kom i regjering saman med Ap, nytta vi høvet til å sette vi ned utvalet. Behovet for eit slikt arbeid for å sjå på totalberedskapen vart snakka ned av Høgre og Frp, men eg håpar dei også ser verdien av arbeidet når vi skal legge fram saker omhandlar beredskap framover.

At vi ser ordentleg på totalberedskapen er veldig viktig for folk og lokalsamfunn over heile landet, samt for private og offentlege aktørar av ulikt slag. Det som er viktig med ein kommisjon som ser på dette, er nettopp at den skal sjå på den totale innsatsen som samfunnet kan stille med i krisesituasjonar og sjå ulike aktørar og etatar i samanheng. Møre og Romsdal er eit vakkert fylke, men det er også mange ulike kriser som kan ramme oss, knytt til den mangfaldige naturen vår og vêrforholda, samt ulik menneskeleg aktivitet. Ulike alvorlege hendingar krev mykje av lokalsamfunn og av beredskapsetatane.

God samhandling er veldig viktig når krisene oppstår. Slik samhandling oppnår ein best når aktørane kjenner kvarandre og helst øver saman i fredstid. Og vi må sjå det sivile samfunnet i samanheng med forsvarets kapasitetar og trusselbiletet internasjonalt. Derfor har det vore svært viktig for regjeringa å få nedsett både Totalberedskapskommisjonen og Forsvarskommisjonen. Det er positivt at desse to no har kome med utgreiingane og innstillingane sine nesten samtidig. Det gir eit godt grunnlag for å sjå dei i samanheng.

- Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Powered by Labrador CMS