LESERINNLEGG, VALG 2021:

Per Ivar Lied, Jenny Klinge og Geir Inge Lien.

Svada frå Sve

Publisert

Frank Sve vil svært gjerne gjera årets stortingsval til eit val om Møreaksen. Med alle lesarinnlegga sine om temaet, der han gjer narr av andre parti og politikarar som er for Møreaksen, vil han nok sikre Frp fleire stemmer.

Det er legitimt å ha ulike meiningar om vegprosjekt, men for alle som er mot Møreaksen er det viktig å vita at det er bortkasta å stemme på Frp. For prosjektet blir bygd uansett. Sjølv har Sve faktisk arbeidd for Møreaksen i årevis og han kan ta ein del av æra for at det blir realisert.

Møreaksen har kome inn i Nasjonal Transportplan (NTP) ved Frps sterke hjelp. Dei har jo hatt samferdselsministeren i to regjeringar medan grunnlaget for vedtaket i NTP vart lagt. Prosjektet har fått eit stort fleirtal på Stortinget bak seg fordi faglege utgreiingar frå kvalifiserte aktørar konkluderer med at det er det beste alternativet – og ikkje minst det realistiske alternativet.

Sve har sjølv tidlegare argumentert sterkt for at Møreaksen vil knytte tre byar tettare saman og vera sterkt regionbyggande. Han har også sagt at ein raskast mogleg veg til Trondheim ikkje er målet med den ferjefrie kyststamvegen.

Og der er vi inne i kjernen: Dei ferjefrie sambanda som skal koma langs E39 i Møre og Romsdal skal vera til mest nytte for dei som bruker dei oftast. Då er det jo også verdt å merke seg at NHO Møre og Romsdal støttar Møreaksen, med fleire enn 100 bedrifter som har signert støtte til Møreaksen.

Kva oppnår Sve med stadig svada om andre politikarar og parti? Han oppnår sikkert at somme trur på at han kan stoppe Møreaksen. Men det verste er viss somme stemmer på Frp på grunn av denne eine saka. Då får Sve i så fall betalt for å skjule si eiga og Frps rolle i at prosjektet blir bygd.

Det einaste folk får som betaling for å stemme Frp i eit håp om å stoppe prosjektet, er dessverre meir massiv sentralisering og byråkratisering. For det komande stortingsvalet står om alt mogleg anna enn Møreaksen. Det står om framtida til lokalsamfunn og om å legge til rette for verdiskaping, velferd og nære tenester i heile landet vårt.

Vi har respekt for at det er ulike meiningar om dette vegprosjektet, men vi håpar folk no er klare for eit regjeringsskifte som kan gi landet ein ny giv. Då må dei stemme på eit parti som vil gi dei dette, ikkje på Frp.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant og førstekandidat
Geir Inge Lien, andrekandidat
Per Ivar Lied, tredjekandidat
Møre og Romsdal Senterparti

Powered by Labrador CMS