LESERINNLEGG, VALG 2021:

Per Ivar Lied og Geir Inge Lien.

Kva er gale med stabilitet i kvotefordelinga mellom dei ulike gruppene i fiskeflåten?

Publisert Sist oppdatert

Vi registrera at medan dei aller fleste i fiskeflåten manar politikarane til å halde på kvotestabiliteten mellom dei ulike fangstgruppene slik vi har hatt sidan byrjinga av 2000-talet, er det politikarar og andre utanom næringa som vil ta kvoteandelar frå «store» og gi til dei aller minste. Dette gjeld stortingspolitikarar frå SV og Raudt bla. som har dette i partiprogrammet sitt, men også dessverre politikarar som kjem frå parti der stabilitet er gjennomgangstonen. Det gjeld diverre også enkelte i vårt parti Senterpartiet.

Kvifor ta frå grupper kvotar?

Vi lurer på kva dei begrunnar dette med. Det kan iallfall ikkje være meir stabile leveransar til fiskeindustrien som er ei utfordring. Større andel kvote frå kyst betyr meir og kortare sesongar. Er det innteksfordelinga? Etter det vi forstår går det faktisk godt i heile fiskeflåten no. Ein tener gode pengar også i kystflåten. Når du flytter på kvotar må nokon få mindre. Har eksempelvis Cecilie Myrseth frå AP tenkt kva fiskarane, stort sett medlemmar av LO – forbundet Norsk Sjømannsforbund, tenkjer om inntektstap og kanskje tap av arbeidsplass som fylgje av dette? Er det klarert? Er det greit?

For få eigarar, nedgang i sysselsetting?

Det er sagt det er for få eigarar av flåten. Det kan alltid være ein diskusjon. Vi er for eit spreidd eigarskap også i denne næringa. Men, ein bør ha ein referanse når ein drøftar slike ting. Samanlikna med våre naboland har vi stor spreiing i eigarskapet av fiskeflåten. Så gjeld det å behalde ordningar som opprettheld akkurat dette. Vi meiner vi skal halde igjen her framover av fleire grunnar. Ikkje minst så lenge økonomien er god

Er det nedgang i sysselsettinga? Fakta er at i perioden fra 2005 då Stoltenberg 1 regjeringa gjekk på til i dag er nedgangen i sysselsetting i fiskeflåten marginal samanlikna med andre næringar i privat sektor. I 2005 var det vel 12.000 fiskarar (hovedyrke). Nedgangen flata under Stoltenberg II og låg på ca. 9500 ved inngangen til Solberg-perioden. Sidan har talet vore heilt stabilt. Eg synes dette er ting som vi må ta innover oss i denne debatten.

Det store bildet

Det store bildet at ulike regjeringar sidan byrjinga av 2000 talet har forfekta stabilitet og konsensus. Vi kan ikkje drøyme oss attende til ei tid med overkapasitet i flåteleddet og støtteordningar. Næringa har gjort ein kjempejobb. Stabilitet i kvotefordelinga har vore den viktigaste premissen for at folk i næringa har tort å satsa og utvikla næringa til å verte sjølvberande.

Vi vil arbeide for vidare stabilitet mellom flåtegruppene også når strukturkvotane skal refordelast etter at tidsperioden har gått ut. Det har vore og er mange usikre faktorar i fiskeria. Det går både på totalkvoteutviklinga, avtalar med andre land og handelspolitiske tilhøve. Brexit har gitt oss ein ny leksjon om dette som vi endå ikkje er ferdige med. Den mykje omtala kvotemeldinga rørte også indirekte med dette, men den blei i stor grad nedskoten av både opposisjon og posisjon på Stortinget. Vi trur at det er nok no med store utgreiingar. La oss lande dette og reparere på det vi har som kanskje ikkje er så verst. 8 år med utval og utgreiingar held både for stat og aktørar.

Miljøkrava kjem til fiskeflåten også. Då er ikkje blind avgiftspolitikk som tappar ned inntektene til nye forbetringar i flåten vegen å gå. Vi trur på løysingar som involverer praktikarane i flåten og leverandør- industrien framfor dei store prosjekta. Slikt samarbeid har faktisk skapt meir enn folk tenkjer til dagleg. Eit CO2 fond liknande NOX- fondet trur vi er vegen å gå om denne avgifta skal ha ei meining.

Program for fiskeindustrien

Ein debatt litt på sidan av dette er om vilkåra til fiskeindustrien og kravet om «meir bearbeiding av fisken». Ein gjer i alle fall ikkje børa lettare til denne industrien med å omfordele kvoter til fartøy som berre kan fiske delar av året fordi fisken har vandra bort frå kysten. Som fleire, trur eg på at teknologi må erstatte ein del av arbeidsstyrken som i dag i stor grad består av sesongarbeidskraft frå andre land. Pandemien gav oss også ei lekse om dette. Til dette treng ein folk med relevant utdanning og lyst til å busette seg der industribedriftene faktisk ligg. Her kan styresmakter og det offentlege gjere ein meir systematisk jobb med å få opp eit program som stettar dette både med omsyn til fagutdanning og tilrettelegging for busetting.

Vi vil, om vi kjem inn på Stortinget jobbe for dei standpunkta vi er her har kome med. Det er i gjennom samarbeid mellom næring og det offentlege med stabile rammevilkår ein har skapt ei sjølvberande kjernenæring langs storparten av den lange norske kysten, med i det vesentlege lokalt eigarskap. Det er dette som etter vår meining gjev dei beste ringverknadane langt utover leveranse av fangstane.

Geir Inge Lien 2. stortingskandidat Senterpartiet i Møre og Romsdal
Per Ivar Lied 3. stortingskandidat Senterpartiet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS