LESERINNLEGG, VALG 2021:

Tove Mogstad (arkivfoto)

Det er lett å vere klok etterpå, men no må vi vere kloke før

Publisert Sist oppdatert

«Alle er kloke. Noen før og noen etterpå». (Karsten Isachsen)

Eg har vore engasjert i natur, miljø og klima i mange år og i landbruk minst like lenge. For meg er det trist å ikkje lenger kunne vere medlem i Naturvernforbundet, der eg i si tid entusiastisk var med og starta lokallag.

Det er gledeleg at så mange no dyrkar eigne grønnsaker, og tek miljø og natur i forsvar. Men (det er alltid eit men..) no blir det pøst på med lokkebilde frå dyre-og miljøvernorganisasjonar som opprører folk.

Naturvernforbundet har hengt seg på dette for å verve medlemmer. Før var dei ei solid motvekt til dei meir militante grupperingane, men no vil dei også bli med på denne polariseringa. Det blir på same viset som med debattprogramma på TV, mykje kauking og show. Så får det våge seg om det blir rett eller ei.

Vi har eit felles ansvar og ei felles bekymring for vatnet og lufta på jorda, men kven kalla inn kua og sauen på tiltalebenken? Er det fordi dei slepper ut metangass,- ein gass med betrakteleg kortare nedbrytingstid enn CO2 dei havna der?

Drøvtyggarane våre lever av gras og får supplert matrasjonen med kraftfôr, mineraler og vitaminer for å produsere og halde seg friske.

Desse krøttera fanst her også den gongen vi ikkje hadde slik eit enormt forbruk av ting, reiser og produserte berg av søppel. Men likevel blir dei hovedtiltalte i klimakur 2030.

Det landbruket vi har tilpassar seg regelverk, klima og alt som blir krevd av dei. Det blir kvar dag forska på fôrutnytting, utslepp, avlsmateriale og dyrehelse av NMBU og andre. Det er mange som arbeider for god dyrevelferd, men det er ikkje til å unngå at dyr blir skadde, sjuke og dør uansett kor godt ein prøvar. Det gjer dei ville dyra også for regelen er faktisk at vi skal dø. Det kan ein lage film av og få den vinklinga ein vil. Slik fortsett vi å bli lura.

Når ein landbruksproduksjon som hadde tilpassa seg krava likevel vart ofra som ein «morgongave» og etterpå harselert med, kan ingen vere trygge.

Det er vi forbrukarane som skulle kjempa for å behalde dei få som produserer trygg, god, norsk mat. Det er vi som burde starta eit bondeopprør.

Ein kan ønske seg tilbake til dei små bruka og seie vi må betale meir for maten. Det siste kan eg vere enig i, men dei første som blir stemt ut pga rovdyrplager er desse små som skulle utnytta utmarka, drive landskapspleie og sikra artsmangfald.

Ære vere dei som sel gjennom Rekoringen og slikt, men det er ikkje noko ein kan forvente passar alle verken av produsent eller kunde.

Vi kan gjerne ete meir frukt, grønt og korn, og vi kan finne nye vekster å dyrke. Det er lov å like avocado, tofu og plantemjølk, men det er ikkje lov å hevde at vi importerer dette for å spare klimaet.

Kva gagnar det klima og miljø i verda om vi kuttar ut matproduksjonen i Norge, for så å handle frå den store verden? Dersom vi har noko å kjøpe for da, og om nokon gidder å selgje til oss.

Når eg sitt på Soggnebba og kikar på åker og eng som gode bønder held fint i hevd, tenkjer eg på kor løkka skyld vi er som har slike.

Det er slett ikkje sjølvsagt.

Det er lett å vere klok etterpå, men no må vi vere kloke før.

Powered by Labrador CMS