LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Likestilling i lokalpolitikken?

Publisert

Møre og Romsdal har aldri vore noko føregangsfylke når det gjeld likestilling mellom kvinner og menn i politikken. Vårt fylke var saman med Vest-Agder det siste fylket som fekk prioritert kvinner til Stortinget, i 1977, trass i Stortingets vedtak om representasjon frå 1913. Det galdt Mary Eide, DNA, frå Molde, og Aslaug Fredriksen, KrF, frå Sunndal. Surnadal fekk sine første kvinnelege lokalpolitikarar i 1951, frå Stangvik og Åsskard, men ikkje før frå 1955 frå sjølve Surnadal.

Lokalpressa gir oss no inntrykk av situasjonen i Surnadal framfor kommunevalet til hausten, og førsteinntrykket er at listene er «framtunge» av menn på dei fremste og mest sannsynlege valde, og «baktunge» av kvinner som listefyll. Miljøpartiet slår i dag stort opp (på Trollheimsporten) at det har 2 kumulerte menn først, men av dei 6 siste på lista, er det heile 5 kvinner. Ifølgje Driva 10/2 har Høgre ei svært god liste, og dei 4 fremste er kumulerte. Det gjeld 3 menn og ei kvinne. I tillegg manglar kandidatar frå svært viktige delar av kommunen (Todalen og Bøfjorden). For det er mange omsyn å ta når lister skal settast opp!

Surnadal kommune har hatt flinke og markante kvinnelege ordførarar dei siste åra. Men korleis det blir framover, kan ein jo lure på når ein ser bildet i Driva 10/2 av den «gjengen» frå Surnadal Senterungdom som no «vil ta et krafttak i Surnadal». Her har fylkesstyremedlem Dordi Lerum fått med seg ei solid gruppe gutar. Psykisk helse er tydelegvis ei sak for gutar! Så var jo også Senterpartiet – saman med Fremskrittspartiet, det partiet som særleg lenge hang etter i likestillingspolitikken mellom kvinner og menn. Utover heile 1900-talet var til dømes fogderi ein langt viktigare faktor enn kjønn når lister skulle settast opp! Venstre og SV var dei partia som tidlegast – på 1970-talet - prøvde å få god kjønnsbalanse på listene.

Likevel må det til slutt seiast at sjølv om vi vil tru at alle parti har gode politiske intensjonar, og at politisk skjønn er nokså jamnt fordelt mellom folk i alle parti, er det likevel standpunkta og partiprogramma som bør vere mest avgjerande. Gode politiske prosessar og vedtak er ikkje avhengig av topp utdanning eller universitetseksamenar. I stor grad må vi tru at vi får dei politikarane vi fortener!

Eivind Hasle

Powered by Labrador CMS