LESERINNLEGG:

Portrettfoto av Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet i Møre og Romsdal (2020)
Jenny Klinge

Om forbod og flytande kjønn

I dette innlegget uttalar Jenny Klinge seg som privatperson.

I dag skal alt vera i flyt, men ikkje alt er det. Kjønnet vårt har vi livet ut, sjølv om vi naturlegvis kan føle oss, kle oss og te oss som det vi vil.

Usikre unge fortener å få vita at dei ikkje kan skifte kjønn, men at dei er gode nok som dei er og at dei kan vera seg sjølve i den kroppen dei har.

Dessverre er eit lovforbod mot konverteringsterapi som Stortinget kjem til å vedta i desember retta ikkje berre mot det å forsøke å påverke legning, men også kjønnsidentitet. Dette er eigna til å gjera terapeutar, lærarar og foreldre engstelege for å støtte oppunder det som er objektiv verkelegheit og støttande behandling for unge som er usikre på kjønnet sitt.

Sjølvsagt bør dei halde fram med å gjera dette, men lovforslaget er ullent og legg opp til tvil. Ein type tvil som ei lovgivande nasjonalforsamling ikkje bør legge opp til. Riksadvokaten har kome med fleire kritiske innvendingar mot lovforslaget, som går både på straffenivået og på rommet for skjønn, som Riksadvokaten meiner er for stort.

Usikkerheit kring kjønn er oftast noko ein veks av seg. Ein fell ofte til ro i seg sjølv med åra. For alle som er opptekne av å hindre skade på homofile, som også var intensjonen bak lovforslaget, er det viktig å vita at dei som er usikre på kjønnet i ein periode i oppveksten gjerne finn ut at dei er "berre" homofile i staden.

Dei må i denne ofte forbigåande fasen få vita at dei ikkje treng å endre juridisk kjønn, namnet sitt eller operere vekk kjønnsorgana sine for å bli gode nok. Dei vil ha glede av ein heil og frisk kropp resten av livet om dei gir seg tid til å bli trygge i den einaste kroppen dei nokon gong får.

Ein kan både i offentlegheita og i terapirommet møte andre med respekt og varme utan å forkaste den objektive verkelegheita og opplagte fakta om kjønn. Tvert imot er det å forhalde seg til fakta ein føresetnad for både god lovgiving, god terapi og god samfunnsutvikling.

Lovforslaget legg opp til at vi skal stadfeste oppfatninga andre har av å vera ei feilvare, men sjølvsagt må det vera lov til å gjenta at nokon er god nok i den kroppen og det kjønnet dei har.

Sjølv kjem eg til å stemme for å sende lovforslaget tilbake til regjeringa for ein ny gjennomgang. Ikkje fordi eg meiner det er rett å tillate konverteringsterapi av nokon. Men fordi vi må utforme lover slik at dei faktisk rammar det vi ønskjer å ramme. Vi må ikkje gjera vedtak som innsnevrar ytringsrommet og som gir dårlegare vilkår for gode samtalar og gode behandlingsformer.

 Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Powered by Labrador CMS