LESARINNLEGG:

Ei ung dame.
Dordi Lerum

Narkotika er normalisert

Publisert

«I get my weed from California» romar det ut frå høgtalaranlegget på klesbutikken eg er i. Det er Justin Bieber sin store hit Peaches som spelast. Folka rundt meg held fram med å finne den perfekte buksa eller leite etter ein ny genser, meg sjølv inkludert. Når skal vi slutte å normalisere ulovleg narkotika og byrje å førebygge bruk?

Narkotika er overalt i popkulturen og samfunnet elles. I musikk, filmar, på Tiktok og Instagram, i magasin, på skulen og på festar - you know the drill. Samstundes har ungdomspanelet i Møre og Romsdal, beståande av representantar frå ungdommar heile fylket, har ropt varsko om auka narkotikabruk. I hovudstaden har kokainbruken blant barn og ungdommar på vidaregåande vorte tredobla sidan 2018. Og i følgje Kripos har det aldri før vorte gjort så store kokainbeslag som i år. Noko må gjerast, og det hastar!

I 2021 føreslo Erna Solberg og den dåverande høgreregjeringa å innføre ei rusreform der einaste faktiske grep var avkriminalisering av narkotika. Med andre ord lét dei vere å ta hand om dei to største utfordringane: 1) At folk som treng det må få helsehjelp, og 2) Å hindre at fleire byrjar å ruse seg. Det var nemleg ingen ekstra pengar sett av til helsehjelp for rusmisbrukarar, ei heller til førebygging.

Å avkriminalisere og legalisere narkotika slik narkotikaromantikarane på høgresida, og deler av venstresida, vil er å bruke norske ungdommar som prøvekaninar i eit prosjekt, der konsekvensen i verste fall kan vere døden. Vi kan ikkje gamble med liva til barn og unge på den måten. I staden må vi tilnærme oss folk som brukar narkotika med respekt og tilby dei hjelp, og førebygging av narkotikabruk må inn tidlegare i skuleløpet. Akkurat der, når det kjem til førebygging, har politiet ei viktig rolle. Dei må difor få tilbake verktøya sine i førebygging av narkotikabruk.

Heilt ærleg, eg legg meg ikkje borti om du røykar hasj eller brukar narkotika på fest. Eg dømmer ingen, men håpar alle tenkjer over vala dei tek og søkjer hjelp. Det eg likevel legg meg borti er strukturane i samfunnet som har gjort at narkotikabruk har vorte så normalisert som det er i dag. Vi må gjere alt vi kan politisk for å førebygge narkotikabruk og syte for at folk skal få hjelp med rusavhengigheit. Det håpar eg du også tenkjer over, neste gong du står i ein klesbutikk og høyrer Peaches av Justin Bieber, eller neste gong narkotika dukkar opp på agendaen.

Det er på tide å stoppe normaliseringa av narkotika, og byrje med hjelp og førebygging.

Dordi Lerum, 4. kandidat for Møre og Romsdal Senterparti

Powered by Labrador CMS