LESERINNLEGG:

Granryddedagen 2021. Knut Løken og Kjell Lyse frå Naturvernforbundet, og Olav Hansen som gjorde merksam på mykje spreiing av lutzgran ved Skottenvatnet og fjellet i bakgrunnen.

Meir sitkagran?

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Forskrifta om utanlandske treslag er på høyring for tida. Skogbrukarane har lenge vore misnøgde med at det er vanskeleg å få løyve til å plante. Miljørørsla har vore skremd over at det blir gjeve mange løyver. Korleis blir det vidare?

Forslag til revidert forskrift som no er på høyring har eit kraftig preg av at skogbruket har fått gjennomslag. Eit av forslaga til revisjon er at dei som planter skal ha ansvar for å fjerne «rømlingar» inntil 100 meter frå plantefelta og ikkje lenger. Det går fram av høyringa at det vil vere tidkrevjande og kostbart for dei som planter om dei må gjere dette på eit større areal.

Spreiing av framande treslag vil føre til store problem. Ikkje i morgon, og heller ikkje til neste år. Men trea som blir planta ut vil få kongler før dei skal hoggast. Frøa kan spreie seg mykje lenger enn 100 m, sjølv om dei fleste vil falle til bakken innafor hundremetersona. Dei som bles såpass unna at dei ikkje blir fanga inn igjen, dei vil vekse opp til nye tre. Det kan dei gjere både 3 og 5 km frå trea med konglene. Når desse blir store vil ein innsjå at ein har eit problem. Men då har det gått så lang tid at det krev store ressursar å rydde opp.

I alle fall sidan midten av 1990-talet har skogeigarane hatt plikt til å fjerne «rømlingar» som har etablert seg utanom skogteigane. Naturvernforbundet har ikkje kjennskap til at skogeigararar har gjort det. Når staten seier det er for kostbart for grunneigarane å jakte «rømlingar» utanfor ein avstand på 100 meter, kan ein vel rekne med at staten vil kome til at det er for kostbart for staten å gjere det også. Dette liknar på at ingen har tenkt å ta dette ansvaret.

Det er mange etter kvart som har oppdaga at sitkagran, lutzgran, forskjellige furuartar og lerk spreier seg mykje. I delar av Tingvoll held snaufjellet på å bli lerkeskog. I Hustadvika held fjellryggane på å bli invadert av lutzgran. På øyane har det vore aksjonar og opplegg for å få hogd store tre og hindre nye tre i å kome opp. I verneområde er det bruka millionar på å fjerne framande treslag. Likevel er det altså nokre som meiner vi skal halde fram med denne katastrofen.

Dei som meiner vi heller skal fjerne sitkagran og liknande enn å plante meir bør difor no la seg høyre om dette. Høyringssaka er tilgjengeleg hos Miljødirektoratet, søk på «høringer» og bla deg langt ned.

Utgangspunktet er enkelt: Norsk natur har ikkje bruk for utanlandske treslag.

Både einskildpersonar, bygdelag og andre som kjenner seg råka av alt for viljug skog av framande artar er mellom dei som kan seie noko. Høyringsfristen er 14.1.2022.

Powered by Labrador CMS