LESARINNLEGG:

Øystein Folden

Er ny vasskraft­utbygging løysinga?

Publisert Sist oppdatert

Politikarane kappast no om dagen om å hive verneplanar på båten for å bygge ut meir vasskraft. Løyser det kraftproblemet? Naturvernforbundet trur politikarane i flokk og følgje har gløymt ein heil del vesentlege moment.

Ein del av problemstillingane knytt til straumprisane i vinter er knytt til regulerbar kraft. Då er det lite hjelp i å bygge ut meir elvekraft og t.d. vindkraft. Sjølv om det kan produserast meir straum på den måten, så vil problemet heller auke enn minke viss ein satsar på kraftkjelder som ein ikkje kan rekne med til ei kvar tid. Rett og slett fordi det er det lågaste produksjonsnivået som tel. All anna kraft er det berre dei som kan velje om dei vil bruke straum eller ikkje som kan nytte seg av.

Viss ein vil bygge seg ut av krisa, så er altså store dammar i fjellet einaste løysinga innan vasskraft. Mesteparten av slik vasskraft er alt bygd ut. Vi slutta med det fordi naturøydeleggingane blei for store. I staden verna vi ein del av vassdraga. Nokre er rett og slett for pene. Ein del var kanskje for dyre å bygge ut. Sjølv dei aller ivrigaste kraftutbyggarane vil nok ha problem med å bygge ut desse vatna.

Dessutan går det minst ti år frå eit slikt prosjekt blir starta opp til anlegget gjev frå seg noko straum. Det er vel ingen stor spådom å seie at slike utbyggingsprosjekt vil føre til nokre langvarige demonstrasjonar også. Viss ny, regulerbar vasskraft skal vere løysinga, så må vi rekne med minst ti vanskelege år, med kraftprisar opp og ned som i vinter.

Kva er så løysinga? Vi bruker ganske mykje straum feil. Straumen er spesiell fordi han kan brukast til å dekke dei fleste behov. Eigentleg burde vi bruke straumen berre til slike ting som vi ikkje kan bruke andre energikjelder til. Oppvarming kan ein få til utan straum. Viss ein kan varme opp litt færre rom og senke temperaturen ein grad eller to i rom som er lite i bruk, så har ein ordna nokre ledige kilowattimar. Viss ein byter panelomnane med jordvarmebasert varmepumpe, så kan ein hente mykje meir. Jordvarme har god verknad også om vinteren. Det er dessutan tiltak som har enkel sakshandsaming mange stader, og er fullt mogleg å gjennomføre i løpet av eit år eller to.

Løysinga ligg i å bruke straumen med omtanke og gjere tiltak så ein kan bruke mindre av han.

Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS