Nathan Lediard
Nathan Lediard

–Eg tenkte: "Får eg covid-19 er det game over"

Nathan Lediard trudde aldri han skulle begynne å springe. Da han var liten vart han fortalt at han hadde dårlege kne, og difor vart det sykling og andre aktivitetar som opptok Nathan. Så kom covid-19 og Nathan fann ut at no måtte han tenkje nytt.

Publisert Sist oppdatert

Vi møter Nathan på kontoret hans på Svorkabygget. Her jobbar han som fotograf. Nathan er frå England, men har no budd mange år i Noreg. I Oslo fekk han seg jobb i sportsbutikk etter at han var ferdig på norskkurs i 1999. I denne jobben fekk han prøve ut nytt sportsutstyr.

– Eg starta med randonee i 2001, da dei fleste ikkje visste kva randonee var for noko. I tillegg sykla eg terrengsykkel og gjekk mykje på langrenn, eg var blant anna med på Vasaloppet, fortel Nathan.

– Å springe såg eg aldri poenget i.

I 2004 endra han yrkesveg og starta med fotografering, og saman med sin kjære Marit flytta han til Surnadal i 2007. Småbarnstilvera, flytting til Surnadal og etablering av eiga bedrift gjorde at den aktive mannen vart meir stillesittande - og buksene vart trongare.

Svineinfluensa og covid-19

Gutane vart større og Nathan tenkte at no måtte han ta seg på tak. Han meldte seg inn på treningssenter og begynte å ete regelmessig.

– 23 kg gjekk eg ned, det er mykje det! Det er faktisk 46 pakkar med smør. Berre gå på Coop Extra og ta ut 46 pakkar smør frå kjøleskåpet, så ser du kor mykje det er. Du får kanskje kjeft, men prøv, ler Nathan.

Dørstokkmila var tung å overvinne, og Nathan kjente på at han bruka mykje tid på å reise til og frå treningssenteret. Han hadde rett og slett for lita tid. Til slutt vart han meir som ein støttemedlem på treningssenteret.

Så kom covid-19 og Nathan vart bokstaveleg talt livredd.

I 2009 hadde han hatt svineinfluensa. Han vart hardt råka og var sjuk i fleire veker. Han hadde også slite med kikhoste.

– Eg vart ottesam, og eg tenkte: "Får eg covid-19 er det game over".

Gjekk og sprang

Nathan fann ut at han måtte begynne å bevege seg. Treningssentera var stengde, så dit kunne han ikkje. Han begynte å gå.

– Eg kjøpte meg ei sportsklokke slik at eg fekk til å følje med pulsen min. Ein dag såg eg at pulsen var låg sjølv om eg gjekk så fort eg kunne, eg begynte å springe. Først 100 meter, og så gjekk eg eit stykke, og så sprang eg 100 meter til.

Han hugsar godt fyrste gongen han sprang 1 km utan å stoppe. Etter det gjekk det slag i slag. Forma gjekk i taket.

1. august, fire månader etter at landet stengde ned, sprang Nathan si første mil. Da han kom heimatt etter løpeturen var han heilt euforisk.

– Det tok meg ti minutt før eg fekk til å seie eit ord til Marit. Eg var så sliten og så glad på same tid. Ei heilt fantastisk kjensle.

Konkurrerer med seg sjølv

Nathan påstår at han ikkje spring fort.

<span class=" font-weight-bold" data-lab-font_weight_desktop="font-weight-bold">Brannfakkel:</span> – Bruk treningskle med sterke fargar og gjerne refleksvest på dagtid når du joggar, oppfordrar Nathan. Han har fleire gonger møtt joggarar i trafikken som er vanskelege å sjå. – Det er ikkje ein motekonkurranse dette!
Brannfakkel: – Bruk treningskle med sterke fargar og gjerne refleksvest på dagtid når du joggar, oppfordrar Nathan. Han har fleire gonger møtt joggarar i trafikken som er vanskelege å sjå. – Det er ikkje ein motekonkurranse dette!

– Å springe for meg handlar ikkje om å vinne konkurransar. Eg konkurrerer mot meg sjølv, presser mine eigne grenser. Det beste er å halde eit godt tempo og kjenne at kroppen fungerer.

Dørstokkmila er enklare å komme over når ein spring, påstår Lediard.

– Det einaste du treng er joggesko, og dei fleste i Surnadal kan jogge rett utanfor stuedøra. Ein treng ikkje køyre nokon plass.

Før gjorde han narr av dei som spring på vinteren, "Det finst ski", men no har han sjølv kjøpt seg piggsko.

– Ein kan springe overalt og året rundt, seier Nathan.

Lykkerus

Løpeturane har ofte ein treig og tung start.

– Det tek ca. 800-1000 meter før noko løyser seg. Det første stykket tenkjer eg ofte "Så slitsamt, eg orkar eigentleg ikkje dette", men så veit eg at held eg ut nokre hundre meter til kjem eg i "sonen".

I "sonen" får han ein lykkerus. Han stenger alt ute. Han tenkjer på stega og på pusten.

– Eg syg inn naturopplevingane og luktene, eg opnar sansane. Eg har sportsklokka på handa, men eg ser sjeldan på ho.

Han høyrer ikkje på musikk. Han vil høyre hjartet banke, kjenne rytmen. Han kallar det meditasjon.

– Etter at eg har sprunge kan eg sitte på trappa og ta meg ein vørter-øl før eg tek ein dusj. Resten av dagen blir påverka av ein løpetur. Den gode kjensla heng att.

– Når eg er ute og reiser med jobben, tek eg alltid med meg joggesko. Dagen blir mykje betre om eg får meg ein løpetur før arbeidsdagen startar. Skulle ønskje eg hadde meir sjølvdisiplin, slik at dette hadde vorte gjort kvar dag, smiler Nathan.

<span class=" font-weight-bold" data-lab-font_weight_desktop="font-weight-bold">Soggnebbå:</span> Nathan på sin favorittur, Soggnebbå. – Det er helt forferdeleg å jogge opp dit, men også det beste som er, seier Nathan. Rekorden hans er 33 minutt.
Soggnebbå: Nathan på sin favorittur, Soggnebbå. – Det er helt forferdeleg å jogge opp dit, men også det beste som er, seier Nathan. Rekorden hans er 33 minutt.

Uro og mindre energi

Nathan kjenner godt på kroppen, både psykisk og fysisk, når han tar pausar frå å springe. Han blir uroleg i kroppen, han får meir dårleg samvit og mindre energi.

– Dagar utan fysisk aktivitet kan bli tunge, og sinnet mørkare. Nesten rart at ein blir meir slapp av å ikkje trene, seier han.

Han søv også mykje betre når han har sprunge.

– Kroppane våre er ikkje bygd for å vera i ro. Heile meg får det betre når eg er aktiv og spesielt når eg spring. Kroppen er god til å seie ifrå. Eg stoppar opp om eg kjenner på smerter, difor held eg meg relativt skadefri.

Nathan får covid-19

Så skjer det som måtte skje, i februar i år fekk Nathan covid-19.

– Eg var spent på korleis kroppen skulle reagere, men eg vart ikkje særleg sjuk. Eg hadde feber ei stund og ei sterk forkjøling, men etter to veker var eg på treningstur igjen. Det har vore tungt å komme i form igjen, men det blir lettare å springe for kvar månad som går.

Nathan er overtydd om at han hadde vorte mykje sjukare av covid-19 om det ikkje hadde vore for at han sprang.

– Eg kan vel takke covid-19 på eit vis for at eg fann gleda i å springa , seier Nathan og smiler.

Powered by Labrador CMS