Pressemelding frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:

Surna største lakseelv i fylket

Fiske av laks og sjøaure tok seg opp att i 2020, og var på same nivå som i 2017. Det er fortsatt i elva Surna at mest laks blir fiska.

I 2020 vart det rapportert inn ein totalfangst av laks (avliva + utsett) frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 34,9 tonn. Dette er ein oppgang på over 10 tonn frå 2019 og 2018, men på same nivå som i 2017.

Surna hadde igjen størst fangst av laks i fylket med totalt 6,5 tonn. Rauma var ikkje opna for ordinært fiske, men overvakingsfisket med gjenutsetting gav heile 4,6 tonn. Eira med Eikesdalsvatnet på 3,9 tonn, Driva med 2,7 tonn og Bondalselva med 2,4 tonn hadde også over 2 tonn laks. Kjente elver som Valldøla og Stordalselva var stengt av elveeigarlaga i 2020 for å bygge opp bestandane.

Auka innsig av laks og høgare vassføring enn i 2019 er truleg hovudårsaka til fangstauken.

Sjøaurefangsten i fylket tok seg litt opp etter botnrekorden i 2019 og kom på 4,4 tonn. Eira med Eikesdalsvatnet hadde størst sjøaurefangst med 904 kilo. Sjøaure var freda i Driva, men 440 kg gjenutsett gjev andreplass. Søya er på tredjeplass med 295 kilo.

Dei fire vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2020:

Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.

1. Surna, Surnadal: 6472 (4716/1755)

2. Rauma, Rauma: 4583 (542/4041)

3. Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:3976 (2771/1204)

4 . Driva, Sunndal:2688 (2610/78)

Dei fire vassdraga med størst rapportert fangst av tal laks (avliva + utsett) i 2020:

Tala viser totalt tal laks, og tala i parentes tal avliva laks/tal utsett laks:

1. Surna, Surnadal: 1556 (1014/542)

2. Rauma, Rauma: 928 (102/826)

3. Bondalselva, Ørsta: 817 (817/0)

4. Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde: 812 (568/244)