NVE tilrår meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for Svorka kraftverk i Surnadal
Surnadal kommune har stilt krav om miljøforbetrande tiltak i vatn og elvar som blir påverka av Svorka kraftverk i Møre og Romsdal. På grunnlag av krava har NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) gjennomført ein revisjon av konsesjonsvilkåra for reguleringa av elvane Svorka og Bøvra, og tilrår visse endringar. Dette skriv NVE i ei pressemelding tysdag.
NVE har sendt innstilling til Olje- og energidepartementet, der ein rår til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringa. Dei nye vilkåra gir styresmaktene moglegheit til å pålegga ulike undersøkingar og avbøtande tiltak, i heile konsesjonstida. Det er Svorka Energi AS som er konsesjonær for reguleringa.
NVE rår og til at det skal sleppast minstevassføring i elva Litjbøvra og minstevassføring nedstraums Svorka kraftverk. NVE foreslår at det innstallerast ein omløpsventil i Svorka kraftverk og begrensningar i drifta av kraftverket, slik at ein reduserar døgnbasert effektkøyring. Med desse forslaga vil forholda for fiskebestandane i Bøvra kunne betrast betrakteleg. Tiltaka kan gjennomførast med eit begrensa krafttap.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka, og endeleg vedtak blir tatt av Kongen i statsråd (kongeleg resolusjon).