14 mennesker i et kor holder opp hver sin bok og synger
Credo – her forsterka med tenorar og bassar. Og han lengst til høgre er forfattaren bak nr. 334 i salmeboka

Hyggekveld med opa salmebok

Songen tona friskt på Kyrkjelydshuset i Surnadal tysdag kveld. Koret Credo, kantor Oddveig Helset Halle og ei syngande forsamling opna salmeboka i full breidde.

Publisert Sist oppdatert

«Norsk Salmebok 2013» er ikkje utan plett og lyte, men du finn neppe ei rikare samling poesi og musikk mellom to permar! Variasjonsrikdom og mykje velklang prega kvelden.

Taizé

Kirsti Hjørnevik var vegvisar gjennom songar frå alle tider og ulike land – mange frå det franske pilegrimssenteret i Taizé. Her har særleg Jacques Berthier tonesett mange bibeltekster..

Kirsti, som sjøl har vore i Taizé, delte flotte inntrykk derifrå – som når 2 000 pilegrimar stemmer i «felleskoret». Taizé-songane har også slått an hos oss. Dei er enkle opg velklingande, om enn litt for refreng-prega etter mange si meining.

Ønskesalme

I den ledige stemninga var ordet fritt – mellom anna til å foreslå ønske frå salmeboka. Fleire nytta høvet. Johannes Skjerdal tok fram den høgtidelege og samtidig inderlege «Du Far og Herre» - ei perle frå anglikansk tradisjon. Stig Sæter har sansen for Jakob Sande – denne folkelege diktaren som har gjeve oss julesongen «Det lyser i stille grender», pasjonssalmen «Du som låg i natti seine», og den herlege «Kvar gong Jesu namn eg nemner» - tonesett som svingande sjømannsvals av Roar Goksøyr. Skal seie den let på Kyrkjelydshuset!

En mann holder salmeboka i hånda og synger inn i en mikrofon
Johannes Skjerdal ønska seg den anglikanske hymnen «Du Far og Herre» - til Hubert Parrys monumentale musikk og i Arve Brunvolls vakre og talande omsetjing.
En mann holder 2 bøker i hånden sin og står foran mikrofonen
Stig Sæter gav oss eit gripande møte med trubaduren Jakob Sande og hans salme om Jesu-namnet – til ein jordnær (nei, rettare: sjø-nær) valsemeldi som både svinga og rørte hjartestrenger.

Halleluja og Credo

Under Ordet Fritt vart også tydinga av «Halleluja» klarlagt – nemleg: Leddet «Hallel-» er eit hyllingsrop, preposisjonen «-u-» kan omsettast med «til» eller «for», og «-ja» er forkorting for «Jahve» (altså Gud). Litt jovialt kan Halleluja oversettast til «Hurra for Gud» - eller det meir sakrale «Lovpris Herren»!

Kornamnet Credo betyr «Eg trur» - opninga av kyrkja si truvedkjenning. Songarane og Oddveig gjorde igjen strålande innsats – med solid repertoar, alltid framført med innleving og utstråling. Ei mannsgruppe støtta opp og gjorde Credo til blandakor i nokre songar.

En kvinne sitter foran pianoet og leser noter og spiller
Oddveig Helset Halle leia det musikalsk stødig og treffsikkert.

Med å synge kanon («Søk først Guds rike» denne gongen) vart forresten heile salen omdanna til eit stort og velklingande kor.

Lokalt i salmeboka

Og ein av kveldens songarar, Sverre Hatle, har faktisk skrive salmeteksten på nr. 334, «Du er mi øy i havet, Gud». Denne song forsamlinga med stor innleving – til den fine folketonen frå Rindalen.

Vi treng slike kveldar for å halde liv i songskatten – så vi ikkje berre let artistar underhalde oss. Denne gongen kjende vi at det faktisk nyttar.

Trass i sine manglar er salmeboka ei rik kjelde til samsong og fellesskap.

Powered by Labrador CMS