ANNONSE:

Eigne søppeldunkar for elektriske lys og batteri på kyrkjegarden

Batteri som blir kasta i restavfallet er ein brannrisiko, både i avfallsbehaldaren og under transport. Mange batteri inneheld miljøskadelege stoffar, som bly, kvikksølv og kadmium. Når desse batteria blir kasta feil og giftstoffa sleppes ut, kan dei gjere stor skade på naturen. Nokre batteri kan også lekke etsande batterisyre.

I forbindelse med at vi ønskjer å teste ut utsortering av elektriske lys og batteri på kyrkjegardar og gravplassar, er det plassert ut spesialdunkar på kyrkjegardane Øye og Ranes.

Dunkane er merka som nedanfor, sjå bilete, og er plasserte ved den største søppeldunken på Øye (inngangen ved servicehuset) og ved reiskapshuset på Ranes.

Vi bed om at alle som brukar seg av batterilys kaster batteria i desse dunkane når dei blir kasta. Eventuelt at de tek dei med heim.

Powered by Labrador CMS