ANNONSE:

Inger Lise Heggem og Bernt Bøe i soknerådet har rive og reiskap klar og byr opp til mannjamn innsats for å snørte opp til festdagane seinare i mai.

Våronn og konsert i Åsskard

Måndag ettermiddag frå klokka 17 går vårens ryddedugnad på kyrkjegardane i Åsskard. Og klokka 21 er det konsert!

Etter onna-økta blir det hyggestund og servering i Kyrkjestua. På sein kveldstid kjem så folkemusikar Ronny Kjøsen og strykargruppa Trio No Treble med sitt turneprogram. Om dette kan ein finne eigen omtale.

- Gammelkyrkjegarden ved Trøa krev mest innsats denne kvelden, seier Inger Lise Heggem i Åsskard sokneråd, som arrangerer dugnaden. - Difor bed vi folk møte der først og få bort lauvet som har hopa seg opp.

Rive og reiskap for å dra lauvet vekk er nyttig og nødvendig. Og folk kan sjølvsagt ta dugnadsøkta si på anna tid om det passar best for nokon.

Gravstadene attmed kyrkja krev mindre arbeid denne gongen. Men også her må det ryddast til 17. mai og konfirmasjonsdagen.

– Frå Todalen går det rykte om fenomenal dugnadsinnsats. Med femti frammøtte gjekk alt unna i ein fei, seier sekretær Bernt Bøe i soknerådet.

– Da må ikkje vi i Åsskard vera kleinare heller!

Både han og Inger Lise ser fram mot ein effektiv og triveleg dugnadskveld.

.....

Powered by Labrador CMS