Fem unge gutter med innsamligsbøsser merket med Kirkens nødhjelp
Fem av dei mange tusen konfirmantane som tysdag gjorde kjempeinnsats for medmenneske i andre land. Her i Åsskard deltok Martin (frå venstre), Arnstein, Fredrik, Vegard og Ole Jørgen.

Ung innsats for andre

Publisert

Tysdag gjekk årets Fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Ein stor ungdomsbevegelse både lokalt og nasjonalt.

Den årlege fasteaksjonen engasjerer på landsplan rundt 40.000 unge og vaksne bøsseberarar. I vårt fylke deltek 1500 konfirmantar forutan mange vaksne, både som sjåførar, arrangørstab og med bøsser.

Altså: Ein kjempestor bevegelse verdt både ros og omtale. Og gjennom effektive Kirkens Nødhjelp gir dei innsamla midlane enorme resultat i umiddelbare så vel som langsiktige prosjekt.

Med pengane klare!

Vi var tett på dei fem konfirmantane og vaksenkorpset i Åsskard denne kvelden.

Både her og elles er det alltid stor velvilje å møte blant publikum.

- Mange plassar stod dei venta med pengane klare! fortalte Fredrik. - Og fleire ville ha oss til å hjelpe seg med vipps-betalinga, la Martin til.

Aksjonen held fram

Det var eit par intense, men effektive timar. Og lærerikt: Dei unge innsamlarane vart godt kjende med folk og landskap i kyrkjesoknet sitt!

Dessverre tek behovet for nødhjelp aldri slutt – sjølv med ei vellykka innsamlingskveld.

– Aksjonens vippsnummer 2426 står alltid ved lag, seier KN-leiar Bente Hjertenæs i Møre bispedøme.

- Så det er framleis muleg å bidra med støtte!

To damer og en mann rundt et bord med mange innsamlingsbøsser merket med Kirkens nødhjelp
Etter ferdig aksjon var det innlevering av bøsser hos Surnadals-diakon Gro Hauge Venås (t.v.). Her kjem Kristian Gjeldnes frå Todalen og Kari Johanne Aarnes frå Åsskard.
Powered by Labrador CMS