ANNONSE FRÅ ÅSSKARD SOKNERÅD:

Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen (t.v.) og klokkar Randi Vetleseter Bøe inviterer til gudsteneste på Grendaplassen på Bele.

Utegudsteneste i Åsskard

Grendaplassen på Bele er arena for søndagens gudsteneste i Åsskard.

Seniorprest Cathrine Grutle forrettar. Ronny Kjøsen sørgjer for det musikalske, og Randi Vetleseter Bøe gjer klokkarteneste. Takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet i Åsskard.

Soknerådet er ansvarleg for tilrettelegginga i det flotte uteanlegget som grendafolket bygde på dugnad for eit par tiår sidan.

Gudstenesta startar kl. 12 – ein time seinare enn vanleg. Skilt ved hovudvegen mellom Sjøheim og Belamyrane viser til Grendaplassen.

Powered by Labrador CMS