Høgtid ved lysgloben når dei unge tente lys for kvarandre.

Tok i bruk kyrkja si

Publisert Sist oppdatert

Måndag var det «Kyrkjekveld» for 6-åringane i Åsskard. Dei fekk ta i bruk kyrkja si.

Slike kveldar er ledd i kyrkja si trusopplæring. Oftast samlar ein fleire årstrinn, men denne gong berre gruppa som søndag får utdelt «Barnas Kyrkjebok».

Trusopplærar Elsa Jensvold, klokkar Randi Bøe og organist Bernt Bøe tok ungane med rundt i kyrkja – som dei jo er eigarar av. Det var samling ved altaret og døypefonten, prøveringing med klokkene og besøk ved orgelet.

Mange hadde livlege kommentarar om dåpen da Elsa samla dei rundt døypefonten.
Altaret og altaringen er ein viktig del av kyrkja
Artig da organist Bernt let alle få blåse lyd i kvar si orgelpipe.

Elsa heldt andakt, der ho fortalte om blinde Bartimeus, som fekk synet att av Jesus. Bevegelsessongar frå «Mi Kyrkjebok» vart leika og sunge. Og tenning av bønelys i globen var ei høgtidelege stund.

Kvelden vart avslutta med kjeks, frukt og saft i Kyrkjestua.

Søndag er det «Gudsteneste for små og store» i Åsskard-kyrkja. Attåt at 6-åringane får «Mi Kyrkjebok», deltek barnegruppa Amigos med mange spennande innslag.

Soknerådet spanderte saft, kjeks og frukt som avslutning på kyrkjekvelden.
Powered by Labrador CMS