Livleg gudsteneste for små og store

Gudsteneste kan vera festleg – særleg når mange deltek aktivt, slik som i Åsskard søndag.

Publisert

Familiemessa var både ei livleg og høgtideleg stund – med unge aktørar i sentrum.

Dåp

Først var det høgtid – med dåp for vesle Ådne, som dermed vart ny medlem i Åsskard kyrkjelyd. Saman med dåpsfølgjet deltok inviterte 6-åringar i prosesjonen: «Nå pynter vi vårt hus til fest», som det vart sunge.

Konfirmantane Ine Marie og Jakob var medliturgar og las tekster og bøner stødig og vakkert.

Golvet vart Genesaretsjøen

Trusopplærar i Surnadal og Rindal, Elsa Jensvold, var dagens predikant. Ho dramatiserte bibelforteljinga om da Jesus stilla stormen på Genesaretsjøen. 6-åringane var fiskarmannskap. Prest Cathrine Grutle sovna om bord i «båten», slik Jesus gjorde. Det bles opp til storm på kyrkjegolvet, og eit par vaksne laga blafrande bårer med blått ty. Stormen stilna heldigvis, slik Bibelen fortel. Men dramatiseringa gjorde levande inntrykk på både små og store.

Båtturen i storm på Genesaretsjøen vart reint så livleg framstilt
Båtturen i storm på Genesaretsjøen vart reint så livleg framstilt

Kyrkjebok og song

6-åringane fekk utdelt «Mi Kyrkjebok» - etter førebuing på Barnas Kyrkjekveld onsdagen før. Boka er ei gåve frå kyrkjefolket. Songar frå denne vart framførte med bevegelse til.

6-åringane fekk Mi Kyrkjebok.
6-åringane fekk Mi Kyrkjebok.

Rimeleg nok gjekk dagens takkoffer til lokalt barnearbeid, nemleg til den aktive gruppa Amigos.

I tråd med dagens preg vart familiemessa avslutta med livlege gospeltonar av korgruppa som førte an i både salmesong og liturgi.

Korgruppa frå Prosjekt 17: Frå venstre Nora Bøe (også klokkar-vikar for dagen), Borghild Betten Talgø, Kari Sæther og Inger Garthe.
Korgruppa frå Prosjekt 17: Frå venstre Nora Bøe (også klokkar-vikar for dagen), Borghild Betten Talgø, Kari Sæther og Inger Garthe.
Powered by Labrador CMS