Lille Henrik vart døypt under gudstenesta.

Fargerik kyrkjedag

Med pynta kyrkje, barnedåp og 50-års konfirmantjubileum vart årets hausttakkefest ein fargerik kyrkjedag i Åsskard.

Publisert

Åsskard Bygdekvinnelag sørga for markens grøde og vakker vegetasjon til å prege kyrkjerommet. Dei var også vertskap ved kaffen i Kyrkjestua etterpå.

Med markens grøde synte Åsskard Bygdekvinnelag eit viktig element i haustens takkefest. Frå venstre Randi Vetleseter Bøe, Kari Sollid Heitmann, Torbjørg Settem, Ragnhild Skrøvset og Inger Lise Heggem.
«Stua» i Åsskard kyrkje er eit flott rom til sosiale samver. Her under kyrkjekaffen serverer Randi Bøe (bak) frukt til Knut Sollid, Kjellaug Sollid, Cathrine Grutle og Gerd Anny Gjengstø.

Luther-minne som vekselsong

Staben, med prest Cathrine Grutle i spissen, let ord og tonar prege festen. Dette var på dagen 504 år etter Luthers berømte setningar på slottskyrkjedøra i Wittenberg. Kva var da ei meir høveleg kyrkjebøn enn reformatorens tonesetting av «Litaniet»? Denne vart vakkert tolka av presten i vekselsong med forsamling og korgruppe.

Samanheng

Medlemmar av Prosjekt 17 gav løft til songen gjennom heile gudstenesta. Konfirmantane Håkon og Jakob hadde tenesteoppgåver med klokkeringing og tekstlesing. Inviterte 50-årskonfirmantar vart presenterte av presten under ein liten samtale om «prestskulen» i 1971. Og lille Henrik vart døypt under hausttakkefesten i Åsskard! Cathrine Grutle poengterte den fine samanhengen mellom dåpsbarn, nye konfirmantar og 50 års tilbakeblikk med godt vaksne «konfirmantar».

Hyggetreff for jubilantane

Etter gudstenesta var gulljubilantane soknerådets heidersgjestar ved eit hyggetreff på Bele. I den gamle kornlåven som er ombygd til selskapslokale, var det middag, kaffe, utlodning og helsingar.

50-årskonfirmant Øystein Snekvik gav eit lite tilbakeblikk på skuletida med lærarparet Else og Sølfest Rebni og viste bilete frå heimplassen deira.

Heidersgjester på dagen var 1971-konfirmantane. Ståande frå venstre: Øystein Snekvik, Svein Idar Settemsdal, Gunn Mary Grødahl og Jan Egil Holtan. I stolen sit vertinna, soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen.

Eit høgdepunkt i dei årlege konfirmantjubilea er utlodninga av eit fat med måleri av Åsskard-kyrkja. Vinnaren Svein Settemsdal lova at Sigrun Hesjehagen sitt flotte kunstverk skal få ein heidersplass på hytta!

- Jubileumsfatet skal få heidersplassen på hytta! lovar den fornøgde vinnaren, Svein Settemsdal.

Historisk

Dagens eigar av Belavollan (Oppistua), Magne Sollid, fortalte interessant historie om garden. Gjestane vart tydeleg imponerte av innsatsen bak oppdyrkinga og den seinare utviklinga – i dag med stor mjølkeproduksjon. Ein historisk godbit er det at kommunens første traktor kom hit så tidleg som i 1923. Og traktor nummer to, ein 1936-modell Fordson, vekte åtgaum der han står i kjellaren - i restaurert form og framleis med startbar motor!

Magne Sollid har restaurert mykje historisk på Belavollan – som denne Fordson modell 1936.
Med mange års arbeid og historisk material frå heile distriktet er «Kornlåven» ombygd til eit attraktivt selskapslokale.
Powered by Labrador CMS