Inngangsprosesjon, på palmegreiner

Strø grener på hans vei

Publisert Sist oppdatert

Slik song vi i Stangvik kyrkje på palmesøndag, salmen er skrive av Svein Ellingsen. Dette var inngangssalmen til prosesjonen med dåpsfølgje, konfirmantar og 6- åringar, som bokstaveleg tala gjekk på palmegreiner opp midtgangen til alteret.

Torbjørn Brøske gjorde teneste som prest og Bernt Bøe var organist. Presten preika over Jesus sitt inntog i Jerusalem på palmesøndag; Jesus ridande på eit esel der folket la ned greiner i vegen der Jesus kom, så dei kunne få med seg noko av Jesus si kraft heim. Elles kom han inn på Jesus si omsorg for dei svake i samfunnet, og borna sin rett på fred og mat; og presten kom inn på dagens situasjon i det landet kor Jesus feira påska. Som ein del av preika, song kyrkjelyden « Eg faldar mine hender små i takk og bøn til deg, la alle born i verda få det like godt som eg», den kjente salmen skriven av Torbjørn Egner 

Ellinor Heggem Grytskog vart døpt, seksåringar fekk Mi kyrkjebok og konfirmantar hadde forskjellige oppgåver under gudstenesta. Nærmare 80 var møtt opp til gudstenesta, og elles styrka forsongargruppa på galleriet den gode salmesongen. Oddvar Væge var kyrkjetenar og Rannveig Brøske var klokkar og medliturg. «Det var godt å vere i kyrkja på gudstenesta», var ein god attest å få frå ein av kyrkjefolket i dag! 

dåp i kirke
Ellinor blir døpt
barn og prest i kirke
Utdeling av Mi kyrkjebok: f.v: Lisbeth Solenes frå soknerådet, prest Torbjørn Brøske, Oona Emilie Kvendset, Aksel Kvande og Torstein Åsbø
Powered by Labrador CMS