Historisk kirke med tårn og små bygninger i et landlig område.
Åsskard kyrkje rundt 1910 – da med inngangen på sørsida, som vi ser.

«Landkjenning» i kyrkja vår

«Kirken står i bondens tanke på eit høyt sted» seier Bjørnson i «Synnøve Solbakken». Det er ei sanning vi nikkar til – ikkje minst når kyrkja jubilerer.

Publisert

Kyrkjene våre har vidt utsyn - på mange måtar. Ung og frisk satsing på framtida går hand i hand med takksamt tilbakeblikk på rike tradisjonar.

Slekters liv

Rød trekirke med høy spire, hvite detaljer og grønt gress foran skog og blå himmel.
Mo kyrkje var bygd i 1728 og førebur 300-årsjubileum om to år.

Desse husa vitnar om slekters levde liv i mange hundre år. Ein kan opne kyrkjebøkene på nettet og finne att sine eigne familiar - noko ein visste, mykje ein aldri hadde høyrt. Når denne felles heimen feirar runde år, er det grunn til å jubilere – slik mange lokale kyrkjer har gjort og gjer i desse tider. Nyleg var Halsa-kyrkja 300 år. Same alder når Mo i 2028. Fleire har fylt 150: Todalen i 2011, Ranes i 2019, Øye i 2021, Rindal i 2024. Åsskard rundar 150 no i 2026. Kvar av desse kyrkjene har si bok med rik dokumentasjon av fortid og notid.

Kongens og folkets visjon

For over tusen år sia bar kongar og prestar kyrkjetanken til landet vårt. I diktet «Landkjenning» skildrar Bjørnstjerne Bjørnson kong Olav Tryggvasons, som kjem over Nordsjøen til Norge med sin visjon. Han hører for seg «orgler og klokker» og blir henført: «Her er grunnen funnen. Ånden bever, hjertet fylles. Her Den Største kun kan hylles».

Bygdefolka som reiste sine gudshus hos oss, bar på ymse måtar kristningstanken vidare. Ein med tømmerøksa, ein annan med kunstnarpenselen. Ord, tonar og kunst har løfta ideen fram – også i scenisk form.

Svarthvit illustrasjon av Olav Tryggvason som ser utover sjøen mot en lav sol.
«Og det var Olav Tryggvason, stevnet over Nordsjø fram,» skriv Bjørnson i «Landkjenning».

Da kristningsjubileet i 1995 vart feira i Åsskard, 1000 år etter Olav Tryggvason si landing med messe på Moster, framførte historie- og teaterlag, kor og skuleborn sogespelet «Olav – Den Første» – i hagen ved Olastua på Åsskard, på museet i Rindalen og andre stader.

Samlingsstad og åndeleg heim

Åsskard-kyrkja jubilerer no i 2026. Sjøl om ho fysisk ligg nede ved sjøen, har ho i desse åra stått høgt i tanken hos bønder, fiskarar, husmødre og alle andre eigarar av det høgreiste huset. Ho er samlingsstad - ikkje berre søndagar klokka 11, men som ein heim heile livet.

Dåp, konfirmasjon, bryllaup og minnestunder legg vi hit. Dertil livlege barnekveldar, hobbyverksted, hyggetreff og møte av alle slag. Og ikkje minst: Musikken!

Hyllest under Jonsvaka

Når Jonsvaka i Åsskard 23. juni samlar levd liv og musikk i eit fyldig kulturprogram, er det også som takk til dei som i 1876 sette draumen ut i livet: «Ånden bever. Hjertet fylles!»

Da blir nokre av pionerane «synlege» gjennom sceneinnslag. Da skal historia om bygda sin åndelege heim pryde lerretet. Da skal klassiske verk, lokal musikk og ikkje minst «Landkjenning» av Grieg og Bjørnson fylle huset.

Flere personer i historiske kostymer øver med skjold og kampstaver på gress i en park.
1995: Sogespelet «Olav – Den Første» i hagen ved Olastua. Kong Olav (Nonnon Heggem) samrår seg med sine folk.
1995: Bindalsfæringen hans Engdal hadde rolla som kongeskipet «Ormen Lange».
1995: John Nonnon Heggem spela Olav Tryggvason, Bernt Venås var for høvet biskop.
1995: Skuleelevar som historiske korgutar.
Powered by Labrador CMS