Pensjonistforbundet Surnadal:
Fjellgruppa til Tuva
Tysdag var Tuva i Austre Fossdalen målet for Fjellgruppa.
Frå Nybø på Rindalsskogen køyrde vi Lomundalsvegen til Lomunda og vidare forbi Møkkelgårdgardane til parkeringsplassen i Austre Fossdalen.
Frå bilane følgde vi ein grusa veg før vi tok av til den slake stien opp til Tuva. Etter kvart som vi kom ut av skogen kom det åpne dal- og fjellterrenget til syne. Eit terreng som var nytt for dei aller fleste.
Vel oppe på toppen vart det i det fine haustveret utsikt til Tifjellet i sør, Trollheimsfjell i sørvest, Ruten i nordvest, Hemnekjølen og Gangåsvatnet i nord og aust.
Takk til kjentmann Odd Inge som delte sin lokalkunnskap om området med oss.
-