Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

Smal bru i skoglandskap med varselskilt og snødekte fjellsider.
Korsbrua.

Korsbrua stengd til fredag ettermiddag - Røvbrua stengt i periodar frå fredag

Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomfører vedlikehald på Korsbrua og Røvbrua i Surnadal. Korsbrua opnar igjen fredag 4. september på ettermiddagen. Når Korsbrua opnar, flyttar entreprenøren arbeidet over til Røvbrua, som då blir stengd i periodar.

– Vi veit at arbeidet skjer i ein viktig periode for landbruket. Derfor har vi justert framdrifta slik at Korsbrua opnar fredag ettermiddag og kan nyttast gjennom helga. Saman med entreprenøren skal vi gjennomføre arbeidet så effektivt som mogleg, seier byggeleiar Thomas Istad.

Mot slutten av veke 37 eller starten av veke 38 skal det eksisterande dekket på bruene fresast bort. Legging av nytt slitelag er planlagt i veke 38.

Både Korsbrua og Røvbrua blir derfor stengde i periodar i veke 38. Korsbrua vil etter planen også vere stengd i delar av veke 39.

Bro over en stille elv med snødekte åser og bebyggelse i bakgrunnen.
Røvbrua.

Arbeidet med det nye slitelaget er avhengig av tørt vêr. Regn eller fuktig brudekke kan føre til at arbeidet og stengingane blir utsette.

Vi beklagar ulempene arbeidet fører med seg og kjem med oppdatert informasjon om datoar og tidspunkt når framdrifta er nærmare avklart. 

Powered by Labrador CMS