Pressemelding fra Møre og Romsdal fylkeskommune:

Arkivfoto
Arkivfoto

No startar sikringa av Kvanne ferjekai

Møre og Romsdal fylkeskommune startar på sikringa av Kvanne ferjekai måndag 21. juni. Det blir arbeid seks netter frå kl. 21.15-05.15 i løpet av to veker. Ferja blir innstilt frå kl. 21.15 og resten av kvelden desse dagane.

  • Start måndag 21. juni kl. 21.15, arbeidsveka blir avslutta fredag 25. juni kl. 05.15 (fire netter).
  • Start søndag 27. juni kl. 21.15, nattarbeidet er ferdig tysdag 29. juni kl. 05.15 (to netter)

I arbeidsperiodane blir siste avgang frå Rykkjem kl. 21.00 med retur frå Kvanne kl. 21.15.

Mange som bur på Kvanne vil merke arbeidet godt sjølv om bustaden deira ligg utanfor området med støy høgare enn regelverket tillét.

- Vi har stor forståing for at støyen kan opplevast som ei belastning og vil gjere det vi kan for å gjennomføre arbeidet så effektivt som mogleg. Det vil hjelpe å halde ventilar, vindauge og dører lukka dei nettene vi må arbeide, seier prosjektleiaren.

Fylkeskommunen har hatt god dialog med Surnadal kommune og kommuneoverlegen i tillegg til Norsk Hydro i førebuingane.