Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

Arkivbilde av ferja på sambandet Kvanne - Rykkjem

Kvanne ferjekai blir sikra i april

Møre og Romsdal fylkeskommune startar på sikringa av Kvanne ferjekai 6. april.
Arbeidsperioden blir på fem veker, dei tre siste vekene med innstilte avgangar.

Publisert

Det betyr at ferjene går som normalt i sambandet frå 6. -19. april. Frå 19. april til 7. mai blir siste avgang frå Kvanne klokka 21 og resten av avgangane utover kvelden blir innstilte. Sambandet følger vanleg rute frå morgonen igjen.

Større og kraftigare ferjer har ført til undergraving av steinfyllinga ved Kvanne ferjekai slik at fyllinga har vorte ustabil og treng sikring.

- Vi har gjort ei midlertidig sikring, har jamlege dykkarinspeksjonar og har gjort ei grundig geoteknisk vurdering slik at vi har god kontroll på fyllinga slik ho er no. Bestillingstid på materiell frå Europa, tilgjengelegheit på mannskap og ønske om ein samanhengande arbeidsperiode gjer at vi startar rett over påske, fortel byggeleiar Oskar Einarsson i Møre og Romsdal fylkeskommune.

30 meter støttevegg
Ein 30 meter lang støttevegg av stålspuntar skal sikre steinfyllinga på den gamle dampskipskaia. Det blir brukt vibrolodd for å sette 43 20 meter lange spuntnåler 18 meter ned i sjøbotnen. Sidan den gamle dampskipskaia blir rekna som eit kulturminne blir ikkje støtteveggen synleg over havoverflata. Der blir det stein som i dag. Sikring med spuntvegg blir gjort på dagtid og frå land mens ferja går etter vanleg rute.

Sikrar med madrassar
For å hindre ytterlegare utvasking frå ferjene må også sjøbotnen sikrast. Massen som ligg på sjøbotnen i dag må fjernast og erstattast før 42 betongmadrassar som kvar veg 9,8 tonn blir lagt utover botnen for permanent sikring.

- Her må vi jobbe frå lekter i brubåsen der ferja vanlegvis ligg og da kan vi ikkje jobbe med trafikk i sambandet. Det tek til saman to timar å rigge opp og ned utstyret. Vi skal jobbe om natta for å hindre trafikken minst mogleg, men vi må innstille avgangane etter klokka 21 frå 19. april for å få nok effektiv arbeidstid, seier Oskar Einarsson.

Mange omsyn
Alt arbeid det er mogleg å løyse frå land utan å hindre trafikken blir gjort frå land. Dialog med Sunndal og Surnadal kommune, næringsforeningane i Sunndal og Surnadal og eit mål om å være minst mogleg til hinder for arbeidspendlarane til Hydro på Sunndalsøra ligg til grunn trafikkavviklinga i anleggsperioden.

Støy for naboar
Omsynet til naboane til ferjekaia på Kvanne veg også tungt. Arbeidet vil gi støy for dei som bur i nærleiken av kaia.

- Vi ønskjer difor å jobbe effektivt og bli ferdige slik at vi ikkje plagar dei meir enn det som er naudsynt. Dei som bur nærast får også tilbod om overnatting i perioden med nattarbeid, fortel byggeleiaren.

Informasjon
Alle detaljar knytt til trafikkavviklinga er enno ikkje heilt på plass. Møre og Romsdal fylkeskommune vil informere aktivt om trafikkavviklinga i god tid før påske slik at folk og næringsliv rekk å områ seg. Naboane på Kvanne får informasjon direkte i god tid før arbeidet startar.

Forsterkar kaiene
Både Kvanne og Rykkjem ferjekaier treng på sikt også forsterking av sjølve kaikonstruksjonane. På Rykkjem blir det gjort på hausten i år og målet er at det skal skje utan innstillingar. Kvanne ferjekai er teknisk utfordrande og fylkeskommunen må vurdere ulike løysingar før gjennomføringa kan planleggast. Her er det ikkje aktuelt å starte i år.

Powered by Labrador CMS