ANNONSE, LEDIG STILLING:
Kalkulasjonsansvarleg
Kvanne Industrier AS (KIAS) er landets leiande produsent av dører i plastmaterialar, spesielt eigna til bruk i bygg og innemiljø der det er høge krav til fuktbestandigheit og hygiene. Nyleg utvida vi med produksjon av tradisjonelle aluminiumsdører og forventar at dette skal vere med og ytterlegare styrke den fine veksten vi har hatt dei siste åra, til kundar i heile den skandinaviske marknaden. At produkta våre er haldbare og kortreiste, gir gode løysingar og gode salgsargument i berekraftsarbeidet.
For å støtte veksten vår styrkar vi laget med ein kalkulasjonsansvarleg
Kalkulasjonsansvarleg sine arbeidsoppgåver vil spenne vidt innan området salgsstøtte – men primærrolla vil vere utforming og kalkulasjon av aluminiumsdørløysingar og kontakt med kundar for avklaring av tilbod o.l. Vi har høge ambisjonar når det gjeld å utvikle prosessane og systema våre, og i dette arbeidet vil KA vere viktig.
Personen vi ser for oss har teknisk utdanning og/eller erfaring, svært gode dataferdigheiter og lyst til å arbeide med sal og kundar. Du kan gjerne ha erfaring frå bygge- og dørbransjen og dermed ha god forståing for dei sentrale utfordringane med utforming av ei god dørløysing. Gode norsk- og engelskferdigheiter vil vere ein viktig føresetnad, og vi vektlegg òg gode samarbeidsevner og ei fleksibel haldning til arbeidsoppgåver i det som av og til kan vere ein hektisk kvardag. Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår, gode utviklingsmoglegheiter og eit godt arbeidsmiljø, i moderne og trivelege lokalar i fagre Surnadal.
Søknadsfrist er 15. september 2026.
For meir informasjon, kontakt Dagleg Leiar Trond Skogseth, på 91178910 eller trond@kvanne.no