Kulturvandring på Fosseide

Det nystarta Rindal historielag debuterte i dag som arrangør for kulturvandringa i Kulturvøkku, ein årelang tradisjon som dei har teke over etter Rindal Heimbygdlag som har lagt inn årene.

Publisert Sist oppdatert

Årets vandring var konsentrert om husmannsplassar under Fosseide-gardene, Utigard og Austigard. Utgangspunktet for vandringa var Brubakken, der eit 60-tals personar var oppmøtte da Magne Løseth frå historielaget kunne ønske velkommen.

Omvisarar var Ole Trygve Foseide og Ragnhild Stavne Bolme, som begge har gått sine barnesko her, på høvesvis på Brubakken og Fossum. Dei hadde begge mange historier å fortelle om folk som bodde her og voks opp på husmannsplassene i grenda i små kår.

Første stopp var Øvre Brubakken. Herifrå kom Peder Foseide, eller Pete som kan kalla seg etter at han emigrerte til Amerika og vart ein habil skirennar. Du finn bilde av og opplysningar om han på Rindal skimueum. Ein annan kar som mange av dei frammøte hugsa var Ola Keben. Etter at han returnerte frå Ameika bygde han seg ei hytte (cabin) ved Austigard Bjørnås. Slik vart han til Ola Keben. Øverbrubakken er i dag fritidsbustad for Ann Kristin og Lars Landsem.

På Fossum.
På Fossum.

Neste stopp var Fossum, ikkje husmannsplass, men eit småbruk utlagt frå Austigard Fosseide i 1930-åra. Her voks Ragnhild Stavne Bolme og broren Nils Joralf opp. Her er det bratt til gards, og mjølka vart frakta ned til vegen med heis. I dag er og Fossum fritidsbustad for Lea Moxnes og Markus Norgård frå Trondheim, som har lagt ned mykje arbeid her og brukar det meste av fritida si å på plassen.

Lang lang rekke oppover bratte bakkan’

Turen gjekk vidare oppover bratte bakkane til Langmyrhaugvegen og Langmyrhaugen, eller rettare sagt dit plassen Langmyrhaugen var. Dei siste som budde her var Peder Fosseide og dotra Berit. Berit Langmyrhaugen var ein kjent person for mange av kulturvandrarane. Da Peder flytta på gamleheimen i 1945, flytta dotra Beret med og stelte faren så lenge han levde. Plassen, som var ein av desse med samanbygd stue og fjøs, vart i si tid fjerna ved ei brannøving. I dag har naturen sletta dei fleste spor etter levd liv på Langmyrhaugen, men den som er godt kjent kan finne restar etter ei låvebru, eit kjellarhol og ein gammal vedomn midt i tjukke granskogen. Beret Fosseide døde i 1975.

Her låg Langmyrhaugen.

På nedtur gjekk vi i utmark, delvis etter den eldste postvegen som kom over elva ved Brubakken og gjekk over Langmyrhaugen. Så kom vi ned til Brubakken att.

Samling ovafor Brubakken med utsikt mot Bjørnås.
Samling ovafor Brubakken med utsikt mot Bjørnås.
Matrast i solveggen på Brubakken
Triveleg vertsskap på Brubakken, Kjellaug og Ole Trygve Foseide.

I området her har det vore fleire plassar, Fosseidedalen og Fosseidevollen 1 og 2. Fleire i dagens følge hadde personar på anetavla frå desse plassane, men akkurat kvar husa stod, er i dag vanskeleg å lokalisere heilt eksakt. Det vart ei siste samling med matpause og oppsumering på Brubakken, der Magne Løseth overrekte guidane kvar sin fåggelkasse snekra og sponsa av Kåre Andersen som frå tidleg alder var på Langmyrhaugen på vedsaging dei dagane han hadde skulefri. Vergudane var også svært vennlege og gjorde sitt til at årets kulturvandring var vellukka.

Magne Løset frå historielaget, Ragnhild Stavne Bolme og Ole Trygve Foseide.
Powered by Labrador CMS