Kulturvøkku 2021

Mange på vandring
Mange på vandring

Kulturhistorisk vandring

Rindal Heimbygdlag held fram serien med historiske vandringar under Kulturvøkku med å gå vidare i Løsetgrenda der dei var i fjor. Utgangspunktet i år var Langholten, og turen gjekk vidare oppover grenda.

Publisert Sist oppdatert
Magne Løset
Magne Løset
Ann Grimsmo orienterer.
Ann Grimsmo orienterer.

Kjentmenn på turen var Magne Løset og Reidar Løset. Bruk av mikrofon og medbrakt forsterkar gjorde at alle dei 50-60 vandrarane fekk med seg opplysningane og historiene ledarane delte med oss.

Det er spor etter over 20 husmannsplassar under dei 4 Løsetbruka.

Klar til vandring.
Klar til vandring.

Det har vore driftige folk på Løsetgardane. Vi finn kjente Løsetfolk både i Surnadal og lenger ute på Møre, og i Trøndelag.

Reidal Løset fortel om tønneproduksjon.
Reidal Løset fortel om tønneproduksjon.
Austigard Løset
Austigard Løset

Lars i Oppistua bygde kraftstasjon med dam i Auntjønna. Da den dammen rauk, buldra flomvatnet nedover mot sentrum og tok i alle fall med seg ei bru. Det var drive med tønneproduksjon der fram til ca 1950. Tønnene vart selde til Kristiansund og bruka til å frakte kleppfiskprodukt ut i verda. Det var tre mann som hadde arbeidet sitt med tønneproduksjonen. Dei kunne produsere 15 tønner for dagen. Denne produksjonen tok brått slutt. Grossisten i Kristiansund la visst på for mykje forteneste slik at dei vart utkonkurrerte. Da satt produsentane att med eit par hundre tønner.

Matpause ved Svervasslykkja
Matpause ved Svervasslykkja

Nestua stod nedafor Oppistua før utskiftinga. Det er stuggulånna derifrå som står på museet, lånna ved Rindal Skimuseum.

Alva var den einaste som gjekk på fire bein.
Alva var den einaste som gjekk på fire bein.

Vandringa gjekk vidare forbi Austigard til Svervasslykkja, eller Nerås, som dette nybruket vart kalla. Der vart det matpause. Der fekk vi også høre om plassen Småmyran. Namnet beskriv nok plassen. Det er fortalt at når folka der koka poteter, så fekk ungane poteten og dei vaksne skalet.

Frå plassen Svervasslykkja var det to som drog til Kristiansund. Ein vart brannmeister og ein handelsmann.

Svervatnet ligg like ved Svervasslykkja. For å senke vass-standen i Svervatnet vart det grave ei 100 meter lang og 2,5 meter djup grøft med hakke og spade. - De va fær-i-ti’n!

Svervatnet, vi ser taket av ein gapahuk ved vatnet.
Svervatnet, vi ser taket av ein gapahuk ved vatnet.
Vi nærmer oss Løsethaug og ser Tørsetmarka og Skåkleiva på andre sida av dalen.
Vi nærmer oss Løsethaug og ser Tørsetmarka og Skåkleiva på andre sida av dalen.
Hege Rasmussen Løseth kan stolt vise fram vasen til bestefar.
Hege Rasmussen Løseth kan stolt vise fram vasen til bestefar.

På Løsethaugen budde Lars Løsethaug som var kyrkjetenar ved Rindal kyrkje i 20 år, til 1965. Der kunne barnebarnet Hege Rasmussen Løseth vise fram vasen Lars fekk som takk for gratistenesta.

Takkegaven.
Takkegaven.

- Takk for lang og trufast teneste, frå Rindal Sokneråd, står det på den. Vasen har fast plass i vindauget på Løsethauga.

Allmannvegen til Romundstadbygda.
Allmannvegen til Romundstadbygda.
Fin steinmur ved allmannvegen
Fin steinmur ved allmannvegen

Vi kom inn på den gamle «almannvegen» til Romundstadbygda. Det passerte vi Austpålangholten. Thomas Løseth frå Fannrem, som vann «The Voice» i 2017, stammar herifrå.

På Løsethaug fekk vi sjå ei lita utstilling.
På Løsethaug fekk vi sjå ei lita utstilling.

Kjentmann Magne Løset delte mange historier om folk og hendingar, noko som berre kan opplevast ved å møte opp der han opptrer. Medvandrarane denne dagen hadde stor glede av turen. Dei fleste hadde nok aldri gått etter desse vegane. Så får vi vente spent på kvar kulturvandringa blir neste Kultuvøkku.

Veltaslettet
Veltaslettet
Vi ser ned mot Rinnlia og fylkesvegen, men også Ura.
Vi ser ned mot Rinnlia og fylkesvegen, men også Ura.
Løsetgardar.
Løsetgardar.