Nytt album frå SPOONMAN

SPOONMAN er spente på mottakinga av albumet og oppslutninga om konserten.

Silent Psalm, eit heilt rått rockealbum.

-imponerande av surnadalsbandet.

Publisert Sist oppdatert

Eg har mesta ikkje lyst til å kalle dei eit surnadalsband, sjølv om dei held til her. Men dette er så bra at eg blir stolt av å vere frå same plass. Med dette albumet skal SPOONMAN erobre verda. Ok, det var svulstig, men dette er råbra, og burde fenge mange rockehjarte vidt omkring.

Med vinylen i bronsje på platespelaren og det kule coveret i handa nyt eg musikk som i tenåra. Opningssporet, The Immigrant Song, som var slept som singel 31. mars har fått festa seg og ein blir medrive til dei særeigne gitarriffa. Dei set standarden høgt med ein gong med denne opninga, og dei følgjr godt opp.

Bronsjefarga vinyl. Den neste blir sølvfarga.
Coverbildet er foto av alle i bandet smelta saman til ein.

Lydbildet tek oss tilbake til nittitalet og grungen, og dei er tydeleg inspirert av musikk med dette som opprinnelse. På A-sida har eit par av songane tekstar som handlar om naturen og natutkrefter, og ein kan kanskje tolke dei som eit ønskje om at vi tek betre vare på han. War of the Wind seglar opp som ein av favorittane på denne sida. Sjølv om dette er rocka er det dynamisk med parti som er veldig nedpå, og vokal og melodi har ei tydeleg rolle. Dette er ei endring frå førre album, som var meir intenst, og det gjev lyttarane meir rom innleving.

God stemning i studio. Etter mykje arbeid gler Jon Landsem, Frank sPoon Botten og Torbjørn Kvande seg på plateslippet, og ikkje minst til release-konserten.

B-sida på albumet held stilen og er minst like bra med kule gitarriff, fine melodiar. Tekstane kan ein lett fordjupe seg i, tolke og finne si meining med orda. Eg tykkjer kanskje Farmers Riot den tøffaste låta.

Tittelsporet Silent Psalm ligg sist på albumet. Og her har dei spara eit nydleg lydoppleving til slutt. Ein trist song om håplausheit og å vere åleine mot slutten, men med tonar som gjev gåshud.

Plata er den andre plata i ein kvadrologi, og Frank seier han har som mål å få alle ferdig før han fylle femti, då da skal dei ha greitt med tid til å jobbe vidare. Planane er store, det skal berre bli betre og betre. Når alt er så godt planlagt, så lurer eg på om all musikken er ferdig også. Og det er den ikkje, dei kreative prosessane skjer heile tida. Dei boblar mesta over av musikk. Utfordinga er å få tid til å lage den. Medan vi står og diskuterer dette kjem det enno fleire idar fram, så det er ikkje tvil om at det er mykje musikk og skaparglede i bandet. SPOONMAN var i mange år eit eittmannsprosjekt, og framleis er det Frank som lagar mestparten av musikken, men målet er å få med alle sine uttrykk meir og meir. Jon har mellom anna bidrege mykje til lydbildet på kule Farmers Riot.

Stas å få overlevert den førehandsbestilte vinylen i studio.
Frank og John signerte.

Mellom det forrige og dette albumet gav dei ut singelen Twelfth of March. Denne førte til interesse blant plateselskap, og no gjev dei ut musikken på Rob Mules Reckords. Det er ein stor fordel å ha plateselskap i ryggen, og med dei når dei vidare ut. Fleire av songane blir spelt på radiostasjonar i England og Tyskland. Å lage plate er mykje arbeid og veldig dyrt. Og det er ikkje tvil om at denne plata er babyen deira. Aller helst vil dei ut og spele for publikum, men det er ikkje så lett å få innpass på plassar sple, og det har mesta vorte verre etter covid, da berre store og veletablerte band blir prioritert. Surnadalspublikummet treng dog ikkje fortvile, for den 28. no på laurdag braka det laus i Storstuå på kulturhuset. Det er berre å handle billett og komme, og ikkje berre for å støtte opp om lokal kultur, men for å oppleve dette dyktige bandet og høyre rock med internasjonal standard.

Trur nok vi kan forvente litt action på scena også.
Powered by Labrador CMS