ANNONSE:

Bilde av et brunt bygg med store glassvinduer og på siden står det 'SURNADAL KULTURHUS'

Oppsamlingsheat for kulturinteresserte

Kultureininga i Surnadal har nokre korte meldingar som dei vil du skal bli kjent med:

Prosjektstøtte til kulturtiltak

Surnadal kommune gir prosjektstøtte til kulturtiltak. Dette er altså ikkje støtte til det ein reknar som vanlege driftstiltak (lag får t.d. støtte til vanleg drift gjennom «kulturmidlane»), men til enkeltprosjekt som er avgrensa i tid.

Det blir ei slik tildeling to gonger i året og søknadsfristen for andre (og siste) tildeling er 22. september.

Skjema for søknad finn du her (KF-136)

Biblioteket utvidar

Det blir nye og lengre opningstider frå og med laurdag 16. september.

Dei nye opningstidene er:

Mån-, tys- og onsdag kl. 11–15
Torsdag kl. 11–19
Fredag kl. 11–15
Laurdag kl. 11–14

Tidene for meirope er dei same som før.

Sommarles-avslutting og barneteater

Minner om at biblioteket inviterer sommarles-deltakarane på avslutting i biblioteket laurdag 16. september kl. 13. Enkel servering. Påmelding til biblioteket (tlf. 476 80 797) seinast fredag kl. 12.

Biblioteket inviterer alle (frå fire år og oppover) på barneteater laurdag 16. september kl. 14. Askeladden friteater kjem med «Ridder Aske», og stykket blir vist fram i Svorkasalen (lengst inne i 1. etasje). Inga påmelding på førehand, berre møt opp!

Kandidat til fylkeskulturprisen?

Møre og Romsdal fylke tek imot forslag på kandidatar fram til 15. oktober. Kjenner du nokon som har lagt ned ein spesiell innsats for kulturlivet, da vil dei gjerne høre frå deg!

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar om står sentralt i arbeidet med å halde vedlike og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket. Fylkeskulturprisen kan gå til ein person, gruppe av personar eller lag. Du finn meir om prisen ved å gå inn på lenka under.

Fylkeskulturprisen er eit diplom og ein pengesum på 50.000 kr. Og skjema for å fremja kandidatar til prisen, samt meir informasjon, finn du på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS