Kaffestund og gode tankar
Annankvar
onsdag er det ettermiddagstreff på Omsorgsbustadene på Skei. Det er
kyrkjediakon Gro Hauge Venås som inviterer til treffa. Programleiar og
tilretteleggjar i mange år har vore pensjonert lærar og klokkar Sverre Hatle.
Frivillige frå kyrkjesoknet sørgjer for kaffeserveringa. Organistane i Surnadal
og Stangvik sørgjer for musikk kvar sin gong. Sverre tek
gjerne utgangspunkt i aktuelle bibeltekster og formidlar jordnære tankar rundt
desse - understreka av gode og kjende salmar og allsongar. Slik blir
songskatten bruka og halden i live.
Sverre held også lokal litteratur levande. Ofte les han lyriske og kulturhistoriske godbitar av Hyldbakk. Og gjennom dikt – ikkje minst av kona Randi Skrøvset Hatle – formidlar han gode og gripande tankar. Sist onsdag tok han «Hausttakkefest» som tema for både pynting, lesing og song. For dei frammøtte er desse ettermiddagstreffa fine hyggestunder!