Surnadal kommune melder:

Positiv hurtigtest ved Surnadal videregåande skole

Ein person har i dag testa positivt på hurtigtest Covid-19 ved Surnadal vidaregåande skole.

Bekrefta svar på PCR-test føreligg foreløpig ikkje.

Berørte elevar og tilsette har gjennomført hurtigtestar utan at det er gjort ytterlegare positive funn. Undervisninga vil derfor fortsette som planlagt.

Kommunen har hatt flere parallelle smittetilfelle den siste tida utan at det er nokon samanheng mellom dei ulike smittetilfella. Foreløpig har det vore tilstrekkeleg med enkle tiltak for å begrense smitten, med testing, isolering, smittesporing og karantene, samt råd om hygienetiltak og oppslag ved aktuelle sosiale møteplassar.

Smitten har i denne omgang kome etter besøk i eller frå Trondheim.

Bjørn Buan

Kommuneoverlege

Henta frå Surnadal kommune sine sider.

Powered by Labrador CMS