Kommuneoverlege Bjørn Buan

Nytt påvist koronatilfelle i Surnadal med forgreining til Rindal

Kommuneoverlegen har fått melding om påvist smitte med koronavirus hos ei yngre kvinne i Surnadal. Kvinna har nyleg vore på ei nødvendig reise til sentrale austlandsområdet og har testa positivt etter ein rutinekontroll. Vedkommande er sett i isolat.

Nærkontaktar i Surnadal og Rindal

Nærkontaktar i Surnadal i Rindal er sett i karantene. Hurtigtestar har så langt ikkje gjeve positive utslag. To nærkontaktar i Surnadal er foreløpig satt i karantene. I Rindal er ytterlegare eit 20-talls husstandar sett i karantene.

Mistanke om mutert virus

Sidan dette kan dreie seg om smitte med mutert virus, er det rutinemessig iverksett meir intensiv smittesporing og karantenesetting.

Kommuneoverlegane i Surnadal og Rindal samarbeider om smittesporing og øvrige smitteverntiltak. Dei opplyser at saka understrekar alvoret i myndigheitenes advarsel mot reiser til og besøk frå landsdelar med høgt smittenivå.

Det vil komme ny informasjon om status for situasjonen så snart vi har fått svar på fleire prøvar.

Powered by Labrador CMS