Tre barn og en mann 'gjør seg til' mot kamera
"Rasmus og verdens beste band" har godt lag med barna frå scena. Etter konserten kunne barna møte frontfiguren, snakke med han og ta bilete for den som ønskja det. Her har vi eit stjerneeksempel på kor morosamt det er med humor, tull og tøys. Frå venstre: Olai Fosseide Bjørnås, Rasmus Rohde, Magnus og Live Løften.

Barnemusikk, distriktsrock og gamaldags liv og røre

Publisert

Det var ikkje tvil om at det var storsuksess då ein nærma seg museumet laurdag. Fulle parkeringsplassar prega "bybiletet" då prisbelønna barnemusikk, splitter ny distriktsrock, familieaktivitetar og konkurransar gav dei 420 besøkjande ein minnerik dag ved Rindal skimuseum.

Godt samarbeid

I høve Rindal Sparebank sitt 150-årsjubileum, deler banken ut midlar til ulike arrangement. Dette fekk skimuseumet med sine vél 400 gjestar gleda seg over under minifestivalen laurdag.

Berit Kvam er museumspedagog i Rindal skimuseum. Ho fortel at dette er eit samarbeid mellom Rindal kulturforum, Rindal skimuseum og Rindal skimuseums venneforening.

-Vi har lagt det i Kulturvøkku, for det er eit fint tidspunkt, smiler ho.

Gamaldags tun

Då du gjekk opp grusvegen opp mot museumtunet, fekk du straks ei stemning som minte om gamle dagar. Du blei møtt med synet av særs mange blide menneske, vimplar som pynta opp mellom bygningar, boder med blant anna lykkehjul og tombola, gamaldagse klede som hang på klessnora festa med klesklyper av tre, strisekkar klare for sekkeløp, vaksne som hjalp barn på stylter og barn som kasta hestesko.

Heimesnikra boder kor det står 'Kast på boks' og 'Museumssti'
Skuleelevane har laga eigne boder til markedsdagen dei hadde på museumet i midten av juni.
Gutt lager veldig stor såpeboble
Jo Sjøli Ness (9 år) frå Kyrksæterøra kosa seg med å lage kjempestore såpebobler.
Plate med klovn uten ansikt. Gutt har ansiktet sitt hvor klovnen sitt skulle vært.
Jo Sjøli Ness
Jente med malt sommerfugl i ansiktet.
Museumspedagogen roser ansiktsmålarane, og forklarer at det har vore kø med konstant kring ti barn heile dagen. Har har Maria Dromnes (6 år) akkurat fått seg ein sommarfugl.
Dame bak boder
Museumspedagog Berit Kvam syntes det var veldig fint at det kom så mange på arrangementet: -Det var så artig å se at tunet fylles med glade barn og vaksne.

Med liv og (hyllkake-)røre

Rindal skimuseums venneforening legg ned særs mange timar på og for museumet.

Kvam verdsetter velforeiningas innsats høgt og stråler:

-Dei er gull verd i sånne arrangement. Vi har ikkje fått det til utan dei.

Gamal bygning og vimplar
Pynta til fest med vimpler sydd av venneforeininga

Venneforeininga tek ansvaret for tradisjonsmat, og morrhakk og nysteika hyllkake er noko av det som var å finne på museumet laurdag.

-Er vi på museum, så ER vi på museum, smiler Ann Elin og forklarer at dei held tradisjon både i mat og aktivitet.

Ann Elin Hess Brønstad er leiar i venneforeininga som har omkring 100 medlemmar. Ho fortel at det har vore mykjy forbereding, og laurdag stilte dei med omkring 30 menn og kvinner.

Dei har stått for matsalg og stilt med blant anna parkeringsvakter og blomeplukkarar. Tidlegare har dei sydd vimplar og gamaldagse klede, og dei har gidd laftesett til gåve til museumet.

Ho fortel at foreininga har plass til enno fleire medlemmar, og håpar at fleire vil vere med å bidra til eit levande museum. Dei pleier å møtast ein gong i veka heile året, utanom ein månads tid rundt juletider.

-Det er eit godt sted å vere, det er eit godt miljø, smiler ho.

Opphengte klede
Venneforeininga har sauma klede i gamal stil. Desse var produsert i fjorvinter for å ha til kostymer og utkledning.

Verdens beste publikum

"Goooooooooo-ooooo-rilla, gorilla med store, tjukke brilla..."

Rasmus Rohde kom opp på scena, greip mikrofonen, og der var konserten i gang. Utan gitar og band fekk han publikumets merksemd allereie før første ord var komplett.

Fire musikere på en scene
Rasmus og verdens beste band

Rasmus og verdens beste band stilte med vokalist, låtskriver og frontfigur Rasmus som også spela på strengeinstrumenter. Alle musikarane song, og Morten Berger Stai spela på kontrabass og bassgitar, Kriss Stemland sat bak keyboardet, og Tore Sandbakken (vikar for Stian Lundberg) held takta med trommene.

Bandet har gitt ut i alt seks plater, den siste "Tunga på gjerdet" som kom i haust. Av desse har fire vunnet Spellemannspris for beste barneplate.

Under konserten fekk Rasmus saman med sitt verdens beste band, både barn og vaksne med på å syngje, klappe og danse under songar som handla om dyrelydar kor ein gris breka som ein sau, ein spurv som sa blubb, fiskebollar i sjokoladesaus og alt anna uvanlege samansetningar dei er så gode til å blanda saman - noko som fenga interessa for dei som høyrte på. Ein kan lett bli nysgjerrig når ein høyrer om så uvante ting, og det kom stadig nye påstandar ein kunne bli overraska over.

Men i følgje vokalisten i siste strofe på første song:

-Og det er faktisk tilnærma lik sant alt sammen.

Det kunne det nok så nokon tvil om, men det det ikkje var tvil om var at heile bandet er eit samspela band både reint musikalsk og humormessig. Dei blidspente og livlege musikarane spela på kvarandre, og i god dialog med barna tulla og viste dei publikum at det var skikkeleg stas å få stå på scena framom eit suverent og stappfullt museumstun laurdag.

Som Rasmus sa under Ballongsangen:

-I dag e dåkker verdens beste publikum - tusen takk!

Mor og datter ser på konsert
Ingrid Bergheim med dotra Erika Bergheim Andersen (5 år) kosa seg under konserten.
Publikum danser foran scena.
Både store og små dansa og hoppa under "Puppan Te Pappa".

Birkeland

Birkeland er eit nyetablert band, så nytt at dei spela sin andre konsert på museumstunet i Rindal laurdag. Som dei sjølv beskriv det, så spelar dei bruksmusikk, utan å vite heilt nøyaktig kva det er sjølv.

Fem musikarar på ei scene
Birkeland satte stemninga og gav trøkk frå start. Dei fargerike vimplane er det barna som var på vimpelverkstad i starten av arrangementet som har måla.

Gruppa består av Rindals eigen Jo Sverre Sande på gitar og tangenter, Gjermund Landrø på bass, vokal og gitar Jonas Skybakmoen, Richard Sagen på trommer og Terje Uv på gitar.

Dei kom saman og starta å øve i fjor haust. Skybakmoen booka deira første konsert allereie før bandet var ferdig etablert. Så ting har gått særs fort, og den kreative Skybakmoen har sjølv laga all musikken.

Bortsett frå melodien til "Dagen er over" som blei laga i 2017, har han laga alt frå skratsj siste året. Så dette er rykande fersk musikk på alle vis.

Bandet arrangerer musikken saman i øvingslokalene, der alle bidreg med å farge songane. Saman leverte dei ein konsert med heilstøpte, gode låter som fenga publikum ein heil time.

Bandet kaller sjangeren distriktsrock, og framførte songar om noko for einkvar smak på museumstunet laurdag. Vi fekk høyre med anna om gubbar, sliten dungeri, ein svart gitar, førskolelærar i ein barnehage, ungdomstid, kjærleik og midtsommarnatt.

Og som vokalisten sa:

-Det blir ikkje eit skikkelig bygdeband utan å ha ein to-tre låter om bilkøyring.

Det var full trøkk til siste tone - så tida gjekk fort under den times lange konserten.

Ein kunne berre lene seg attende og nyte stunda berre ved å høyre på den ukjente, ferske musikken ilag med dei andre frammøtte som kosa seg i kveldssola.

Samstundes kunne ein sjå seg irundt å ta inn alle inntrykk der ein kunne sjå barn blåse store såpebobler medan andre gjekk tosaman på treski på eit skipar som er laga for fire. Andre barn igjen bygde laftehytter og nokre gjekk på stylter i tunet. Og "siste dansen" nytta to damer til å svinge seg i ein sprek, gledesspreiande swing.

Det var med anna ord ein særs inntrykksfull konsert som vil legge seg på minnet saman med andre gode stunder. Som vokalisten sa:

-Vi spelar i friluft og skåler i vann. Skål folkens!

Gutt på laftehytte
Laftesettet er ei gåve frå venneforeininga til museumet. Det er mykje bruka. Her leikar Olav Kvåle (4 år) seg med hyttelafting under konserten.
Fullt av folk sittende foran scenen på benker med bord
Publikum kosa seg med fersk musikk frå Birkeland

Super arena

Ut frå kva publikum fekk laurdag, var det ein særs låg inngangsbillett. Grunnen til dette er sjølvsagt sponsinga frå banken. Så dette er ikkje noko dei kan gjere kvart år.

Berit Kvam er særs takksam både for sparebankens midler, og venneforeiningas store innsats, og meiner at utan desse hadde det ikkje gått. Ho gir óg ein stor ros til Rindal kulturforum ved Karstein Mauset som har vore ein viktig støttespelar. Han har hatt ansvaret for alt av scene, lyd og musikk.

Vi håper og trur dei fortset med konsert og anna arrangement slik dei pleier. For Trollheimsporten seier seg einig med den blide frontfiguren til Rasmus og verdens beste band, som fortalte at han synes det er veldig fint på museumstunet.

-Eg håper dei lagar fleire konserter her. Eg har spela åleine her ein gong før. Denne arenaen er super, smiler han.

Gamle bygninger, opphengte klær av klær i gamal stil, vinplar og folk
Rindal skimuseum
Lykkehjul og tre boder
Fleire boder skuleelevane har laga.
Drops i boksar
Fine detaljar
Fat med middagsmat og eit grass med drikke
Mange blei gode og mette av morrhakk laga av Rindal skimuseums venneforening
Bakverk og drikke
Hyllkake frå Rindal skimuseums venneforening
Gamal bygning og vimplar
Pynta til fest med vimpler sydd av venneforeininga
Staurer med ein treklosse på kvar
Gode, gamaldagse stylter
Strisekkar i ei bøtte
Strisekkar klare for sekkeløp
Fire musikere på en scene. Sittende barn foran scena.
Rasmus og verdens beste band

Serie av bilete av minikonserten.

Powered by Labrador CMS