Konsert i Todalen Kyrkje

Turid Røen Kroknes og orkester i Bach

Takk for juletonane

Publisert Sist oppdatert

Song og musikk høyrer på ein spesiell måte jula til, ja, vi les då om englesong over Betlehemsmarkene. Og sidan har menneske i alle tider og over heile verda sunge om underet julenatt då Gud vart menneske, fødd av Maria møy. Konserten vi fekk i Todalskyrkja sundag gjorde denne julebodskapen levande atter ein gong. Endå ein gong vart jula sungen inn, ja, sungen inn i oss. Og så ekte og vakkert som det vart gjort! Difor er dette ei takk til alle medverkande, kor, solistar og musikarar.

Og først og sist stor takk til Bernt Bøe, primus motor. Med inspirasjon leia han det gedigne programmet trygt og sikkert igjennom. Og midt i, nesten ubemerka, ein ny julesong frå hans hand: «Det står ei stjerne». Vakkert sunge av mannsstemmene i koret.

Tonen vart sett då musikargruppa innleia med sjølve Julverset i Edvard Bræins versjon. Dette vesle orkesteret, med folk frå fem nasjonar(!), bar mykje av konserten med sitt fine samspel. Som eit lite ekstranummer midt i konserten fekk vi også originalversjonen frå Nordvik av Julverset, nedteikna av Kristian Halse, og no spela solo av fiolinist Trond H Saltnes. Verkeleg ei stille stund!

Roser til Trond Anna Jasmina Ebba Zhala Odd

Så fekk vi også sjølvaste Johan Sebastian Bach på konserten, altarien Bereite Dich Sion frå Juleoratoriet, stilsikkert og innlevd sunge av Turid Røen Kroknes, som også er medlem av koret.

Koret, Prosjekt 17, er det alltid ei glede å høyre på. Bernt Bøe har bygt opp dette koret ved å gje dei oppgåver som dei både kan strekkje seg etter og makte. Og vi ser og merkar at kormedlemmane verkeleg frydar seg med songen.

Koret Prosjekt 17

Julemotetten av Eyvind Alnæs er eit kjent og kjært innslag i jula. No er det 100 år sidan den vart laga, og her vart den framført både med orkester og orgel. Ved orgelet konsertens «grand old man» Tor Strand. Her fekk kveldens unge sopransolist, Maia Reppe, utfalde seg. På ein måte var det ei velgjerande ettertenksom framføring frå kor og solist. Stor takk!

Maia Reppe, alvdaling og nyutdanna sopransolist, gledde oss stort med songen sin. Ei berande sopranstemme utom det vanlege, kan ein vel seie. Og roleg og vakker framføring. Det er nettopp ei slik ro som trengs for sopranpartia i Arne Dagsviks julekantate: «I denne søte juletid». Å, så fint det var då ho song voggesongen til Jesusbarnet i kantata, med Tor Strand som illuderte harpe på pianoet og fuglesang frå fløyta til Jasmina Savic.

Maia Reppe

Arne Dagsviks julekantate er alt i ferd med å bli ein klassikar i julerepertoaret, og med god grunn, juleevangeliet framstilt i nesten barnlig fryd og glede. Her var koret fullstendig på heimebane, dei kunne dette frå grunnen av og fryda seg, og gav også eit betagande enkelt opptrinn med Maria og barnet i krubba. Og gjetarane sin gang til Betlehem er berre herleg! Evangelistens rolle i kantate er heilt vesentleg, og kormedlem og todaling Øystein Moe fylte rolla på storarta vis. Roleg og sikkert framførte han bibeltekstane. Går det an å antyde at hans vakre tenorklang må ligge i slekta?

Ja, vi vart fylte med juleglede på denne konserten, og dermed var det også godt å få stemme i saman med koret i Deilig er jorden til slutt.

Kan vi få samanfatte takka i litt av teksten i Sibelius: Julvisa, som også vart sungen:

Giv mig ej glans, ej guld, ej prakt

I signad juletid Giv mig

Guds ära, änglavakt

Ock över jorden frid.

Svein Volle og Einy Rendal Elgsæthe

Powered by Labrador CMS