Konfirmantar 2022:

Namn på konfirmantane finn du lenger nede.
Namn på konfirmantane finn du lenger nede.

Konfirmant-presentasjon,
- og tollaren og farisearen i Rindalskirka i dag

Konfirmantar 2022 og kyrkjelyden i Rindal fekk i dag høre Lene prest preike over teksta om farisearen og tollaren som møttes i tempelet.

Publisert

Rindal kyrkje Bots- og Bededag 31.10.21

Lukas 18, 9-14 - Lignelsen om fariseeren og tolleren

9 Til noen som stolte på at de selv var rettferdige, og så ned på alle andre, fortalte Jesus denne lignelsen: 10 «To menn gikk opp til tempelet for å be. Den ene var fariseer og den andre toller.11 Fariseeren stilte seg opp for seg selv og ba slik: ‘Gud, jeg takker deg for at jeg ikke er som andre mennesker, de som svindler, gjør urett og bryter ekteskapet, eller som den tolleren der. 12 Jeg faster to ganger i uken og gir tiende av alt jeg tjener.’ 13 Tolleren sto langt unna og ville ikke engang løfte blikket mot himmelen, men slo seg for brystet og sa: ‘Gud, vær meg synder nådig!’ 14 Jeg sier dere: Tolleren gikk hjem rettferdig for Gud, den andre ikke. For hver den som setter seg selv høyt, skal settes lavt, og den som setter seg selv lavt, skal settes høyt.»

Me har høyrt ein lignelse, men det er nesten så me ikkje kjem så langt som til lignelsen før me høyrer eit fenomen som nok aldri går ut på dato.

Kven var det vel ikkje denne lignelsen vart fortalt til – om ikkje desse som stolte på at dei var rettferdige sjølve og såg ned på alle andre.

Tenk at det fanst slike folk den gongen Jesus gjekk på jorda også?! Og tenk at det finst slike folk no. Oss som trur at me er rettferdige og ser ned å alle andre.

Kva er det så å vera rettferdig? Er me rettferdige, så har me alt på stell. Ingen skal utsetja noko på oss, for det er ikkje noko. Me har orden på sakene våre, orden på økonomien, moralen, det meste. Er ikkje dette slik folk flest er? Er det ikkje dette som er vanleg – eller som de seier her i bygda: Brukeleg?!

Sjå ned på alle andre? Er dette vanleg? Eg er så naiv at eg ikkje vil tru at dette er så utbredt. Eg nektar å tru at det er så mange oppi Lomunddalen som går rundt og ser ned på kvarandre, at de som er konfirmantar gjer det, at de som sit på Helsetunet gjer det.

Men me har nok litt av dette, alle. For har me eitkvart gale og seia om anna folk, er det vanskeleg å halde tett om det – i alle fall overfor dei me opplever oss mest fortrulege med.

Så blir me kanskje der som farisearen i lignelsen, me også. Om me ikkje akkurat steller oss opp for oss sjølv lengst framme i Rindalskyrkja og takkar Gud for at me ikkje er som tollarar og andre syndarar, så kan vel dei fleste av oss vera såpass at me stiller einkvan i gapestokken og fotel eitkvart for å stille vedkommande i eit dårlegare lys enn tidlegare.

Noko godt er det å seia om alle – og sanneleg er det mykje gale også. Uansett korleis me snur oss så kjem me ikkje unna dei kritiske blikka: Er me for blide og hyggelege, så blir me smiskande, men det er ikkje bra å vera for sur heller. Skal me ikkje bli kritiserte for at me ødslar med pengane, så kan me takast for å vera gjerrige. Engasjerer me oss for mykje ute, kan me bli kritisert for å vera for lite heime. Er me med Kari, kan me bli kritisert for å ikkje vera med Lise - og ingen av oss strekk til.

Vil folk kritisere, er det altids noko å kritisere oss for. Og har me ynskje om å henge ut folk, er det nok å ta av.

Men kvifor skulle me gjera det? Kva godt fører det med seg? Styrkar det sjølvfølelsen å henge ut andre? Blir me – for å bruke Jesu språk – meir rettferdige av at anna folk er like utilstrekkelege som me sjølve er?

Eg vil meine at tollaren der i templet hadde forstått ganske mykje. Han hadde slutta å sjå til andre og samanlikne seg med dei. Han hadde nok med seg sjølv og si eiga bør. Og den var for stor.

Kva gjer me då, når børa blir for stor? Slik eg ser det, er det to ting me kan gjera: Me kan slite oss ut med børa inntil me segnar om.

Eller me kan kvitte oss med den, leggja den ifrå oss. Slik som tollaren gjer i templet når han ber og seier til Gud: Gud, ver meg syndar nådig.

Det skal ikkje meire til. Korkje for tollaren eller for oss andre. Tollaren var kroneksemplet på samfunnets drittsekk. Ein korrupt tjuv som tente okkupasjonsmakta og sine eigne interesser på samfunnets bekostning. Eit avskum i alles auge – og me kan vera aldeles sikre på at dette visste han inderleg vel sjølv også.

Når Jesus fotel lignelsen, seier han at tollaren gjekk heim rettferdig. Han hadde kvitta seg med børa berre gjennom denne vesle setningen: Gud, ver meg syndar nådig.

Kva så med oss? Skal me halde fram med vårt fariseriske takk for at me ikkje er som anna folk og sjå kor lenge me held?

Eller skal me gjera som tollaren, lata det stå til og be om nåde, forløysing, tilgjeving, den nye starten - .

Alt ligg føre oss i bønene me kan be. Det er berre å be, så blir det nye livet nytt.

Alt ligg føre oss i nattverden. Det er berre å ta imot desse små, uanselege elementa av glutenfritt brød og avalkoholisert vin, så har me teikna på det som er bydd oss: Mogelegheita til å gå heim herifrå Rindalskyrkja rettferdig for Gud.

Folkesnakk vil halde fram som før, både på godt og vondt. Men det nye livet som rettferdig for Gud, det vil alltid få siste ordet: Tilgitt for synda. Ferdig sona og forsona. Gå i fred – lev i Jesu uendeleg store kjærleik til deg.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Konfirmantar 2022 i Rindal

Synne Dalsegg Løseth
Sebastian Børset
Lucas Reitan Hellem
Birger Langli (sjuk)
Marianne Slettvåg Løkås
Ingrid Evjen
Milla Skjølsvold-Aasen
Arnt Olav Eriksen
Håkon Børset
Margrete Halgunset
Ine Løfald
Guri Bolme Nonstad
Magnus Øyen
Simon Sveen Flåtten