Kleivakvelden

Solistane held ikkje att på noko på kuturhuset.

Latter, tårer og ståande applaus på innadørs Kleivakveld

Storstuå fylt til randen

Publisert Sist oppdatert

Humoravdelinga

Henning ropar på Svarraberje.

Lunt og humoristisk opna Henning Sommero Kleivakvelden i 'samtale' med Hans, før vi fekk med John Pål Inderberg og ei herleg framføring av Svarraberje, og publikum fann tonen for retsen av kvelden. Humoristiske innslag frå desse karane kom jamt mellom slaga.

Diktavdelinga

Tradisjon tru, som mykje er under Vårsøghelga, var det i år og invitert til diktmønstring for grunnskuleelevane. Svein Sæter med stor innleving fleire herlege, kreative og underfundige dikt, noko som varma eit norsklærarhjarte.

Svein hadde plukka ut flotte dikt frå skuleelevane i diktmønstringa.

Folkemusikk

Med Roar Engleberg på panfløyte med seg på scena og framfører Henning og John Pål The Universe of sound, før vi fekk litt ulik folkemusikk og ein nydeleg versjon av E slåttatæja, ein tittel som kan vere vanskeleg både å hugse og forstå. Roar hadde sagt han ville spele seterjenta, noko Henning ikkje kunne hugse å ha laga, og Svein kunne fotelje om ein tv-reporter som tolka det til Eit slått at eiga. Da var han kanskje nærare lell, sonen min som som eittåring ville høyre Brattatæja.

Prisutdeling

E Slåttatæja.

I år gjekk Kleivaprisen til Dreamfarm studios som inneber trioen Frank sPoon Botten, Rolf Paulsen og Ola Langli. Dei to førstnemnde var tilstades og tok imot prisen utdelt av Lilly Husby og Margrethe Svinvik. Dei var tydeleg overraska og Frank var så røyrd at det var vanskeleg å snakke. Da Hans Hyldbakk fylte på Kleivafondet i 99, skreiv han at det helst skulle gå til dei som dregst med musikk, og på så mange nivå Dreamfarm driv med musikk, kan det nok heilt sikkert seiast at dei dregst med det, og er med å heve kvaliteten på musikken for mange. Vel fortent pris!

Dreamfarm-karane var mållause og overraska da dei vart tildelt prisen.

Tåreavdelinga

Bettan og Knut Marius, som må reknast å vere trekkplastera, skuffa ikkje på scena. Dei kom inn med energi, glede og alvor. Etter fine nummer frå Bettan song ho og Knut Marius Duett i lag. Med Knut Marius sin Hjelpe frå albumet 6393 (postnummeret til Tomrefjord) var det ikkje fritt for tårar i salen, og eg trudde verkeleg dette måtte vere det musikalske høgdepunktet, men det kom fleire. Med Anthem frå musikalen Chess, som han og song i Stjernekamp, vibrerte salen og heile storstuå reiste seg i trampeklapp og det var ikkje mange tørre auge å sjå. Bettan og Knut Marius dro til med Prayer som ekstranummer, og det vart som hør og bør seg, avslutta med Vårsøg i herleg samspel.

Sympatiske Knut Marius hadde publikum i si hule hand.
For ei dame. Bettan leverte med mykje energi frå scena.

På scena vart songarane stødig akkompagnert av Petter Anthon Næss på tagentar, og Tarjei Nysted spelte vakkert på fiolin og nøkkelharpe. Vil tru dei fleste tykte desse to timane gjekk fort, og gjerne skulle sitte der lenger.

Powered by Labrador CMS