Bjørn Vevang likar seg framleis ved pianoet

Frå pianobaren på Britannia til orgelkrakken i Rindal

Torsdag kveld hadde den nye kantoren i Rindal, Bjørn Vevang, regien for songkveld i Rindal kirke. Dei frammøtte bestemte mesteparten av programmet, reine ønskekonserten. Men kven er denne Bjørn Vevang?

Publisert Sist oppdatert

Eit års tid har vi sett at det har flytta inn folk i prestegarden i Rindal, men det var ikkje presten. Det var Bjørn Vevang med familie som fekk leige hus her da han fekk organiststilling i Stangvik.

- Anne jobba i Skatteetaten i Trondheim, men hadde mammapermisjon, og så kom koronatida med heimekontor. Og no ser det ut til at ho får stilling hos Skatteetaten i Surnadal, så dette blir bra, seier Bjørn Vevang.

Byguten

Bjørn Vevang er byguten som vart lei av asfalt og brustein. Etter ein sommarferie i lag med kjærasten Anne i Nord-Norge, oppstod tanken om å flytte på landet.

Så kom stillinga i Stangvik som han søkte, - og fekk. Staseleg kyrkje og triveleg kollegium!

Så var det spørsmål om bustad. Etter å ha sett på den ledige prestebustaden i Stangvik, såg han innom prestegarden i Rindal. Den var også ledig.

- Her har eg lyst til å vere, hugsar eg var tanken som slo ned i meg straks eg var innom dørene, minnes Bjørn Vevang, og slik vart det. Kjente for første gong at han landa da han kom til denne prestegarden.

Bjørn Vevang ved orgelet i Rindal kirke

Familien trivs veldig godt i prestegarden. No er han klar til å kjøpe eigedomen av Opplysningsvesenets Fond, men det kan ta si tid.

Han var glad da han fekk stillinga i Stangvik og kunne flytte inn i prestegarden i Rindal, og jammen fekk han ikkje organiststilling i Rindal innan eitt år! Heldigvis løyser organistsituasjonen seg for Stangvik også. Ronny Kjøsen, som bur i Rindal, vil etter kvart ta over orgelkrakken der.

I tillegg til kantorjobben er Vevang engasjert i Rindal og Surnadal Begravelsesbyrå.

Bakgrunn

Bjørn Vevang spela i pianobaren på Britannia i Trondheim. Der møtte han ein ung kar som presenterte seg som organist. Vevang vart overraska over at ein så ung kar kunne vere organist. Han vart med den unge organisten til Hegra og fekk prøve å spele orgel for første gong. Det bar også ein tur til Meråker og kyrkja der.

- Vil du ha jobb, vart han spurt. Barpianisten slo til, og vart organist der i 1996, totalt utan erfaring som organist! Han vart der i 8 år.

Paris

Etter eitt år på musikkonservatoriet i Trondheim, var han på ei studiereise til Paris. Der møtte han ein som ville ha meir av det Bjørn viste han på orgelet. Det førte til at Bjørn vart student ved eit konservatorium i Paris i 3 år.

Det viste seg å vere eit strengt og intenst studium med mykje øving. Øvingstid frå kl.08.00 til kl.22.00 var meir eit påbud enn eit tilbud. Mesteren han hadde som lærar møtte ein ikkje uforberedt! Det erfarte Bjørn da han hadde hatt besøk frå Norge og ikkje hadde øvd så mykje ei veke.

Trondheim

Han drog tilbake til Norge med ein slags mastergrad (superieur og perfectionnement).

Denne graden vart ikkje godkjent i Norge, så han måtte gå 2 år til på konservatoriet i Trondheim for å få norsk mastergrad.

København

Etter eit par år i eit vikariat i Nidarosdomen, prøvde han seg som organist i Københavns Domkirke der han vart overvaka av Thorvaldsens berømte Kristusfigur. Det var ein krevande jobb med lite fritid. Han vart der berre eit års tid.

Kantoren i all sin skrud!

Trøndelag

Tilbake i Norge var han 7 år i Melhus og 5 år i Berg menighet i Trondheim fram til 2019.

Rindalskantoren

Bjørn Vevang er vigsla som kantor, og her stiller han i fin, kvit alba med stola. Den blir nok bruka berre ved høgtidelege anledningar.

No ønsker Bjørn Vevang å bygge nettverk med rindalingene/ menigheten. Han ønsker at det skal bli like naturleg å ta ein tur til kirka også utanom gudstenester, dåp, vigsel og gravferder.

- Vi har eit svært godt lokale, godt orgel, og no går han i bresjen for at Rindal kirke skal få flygel!

- Det fortener dette flotte kirkerommet! seier han engasjert.

Ledar for soknerådet Leif Ove Grytbakk og nestledar Arnhild Foseide Fagerholt orienterte om innsamlingsaksjonen for flygel og anbefalte den

Rindal sokneråd har vedtak på at finansieringsaksjonen skal settast igang. Eit Kawai-flygel som er nyrestaurert i Tyskland med Schimmelmekanikk står klart.

- Det kling varmt og godt slik eg likar flygelklangen, seier kantoren. Med nytt flygel blir det sikkert fleire konsertar og song- og salmekveldar i Rindal kirke.

Etter songstunda i Rindal kirke sist torsdag serverte soknerådet snacks, kaffe, brus (solo - sjølvsagt på ein songkveld), potetgull og peanøtter.

Powered by Labrador CMS