Femteklassingane vart bibeleigarar. Dei vaksne bak er trusopplæringskontakt i soknerådet Berit Anne Botten Røkkum, sokneprest Torbjørn Brøske og «stand-in» Palmer Vikan, som tok imot bibelen på vegner av barnebarnet sitt.

Levande bibelstund

Bibel, born og forteljekunst prega gudstenesta i Stangvik søndag.

Publisert

Konfirmantane var liturgar, og 5-klassingane vart bibeleigarar. Under stikkord som openberring, synleggjering og fellesskap leia vikarprest Torbjørn Brøske samlinga.

Med open bibel og stor formidlingsevne fortalte han om da Jesus vart døypt av slektningen Johannes. (Og dua over Jordan den gongen vart av dei yngste spontant «oppdaga» oppfor preikestolen i Stangvik-kyrkja!)

Store og små fekk friske innblikk i barneåra og oppveksten til dei to store kjendisane frå Bibelen. Humor og underliggande alvor gjorde inntrykk på alle.

Ikkje minst vart biletet av Døyparen Johannes uvanleg levande og aktuelt. Han kunne jo ikkje fordra bylivet og flytta ut i ørkenen, der han levde av grashopper og villhonning, fortalte Torbjørn: - Johannes er vår første økolog. Levemåten og det enkle kosthaldet hans blir snart idealet også for oss!

Ei songgrupe deltok i gudstenesta. Dagens takkoffer gjekk til eit prosjekt som Det Norske Misjonsselskap driv i Etiopia.

5-klassingane fekk kvar sin bibel i gåve frå soknerådet. Det er nemleg lovfesta i trusopplæringa å formidle Bibelen som «ervegull - til ætt som kjem lik den som kvarv», slik det vart sunge i den påfølgjande salmen. I år satsa Stangvik på «Action-Bibelen», prega av moderne og litt trendy teikningar.

Berit Anne Botten Røkkum (t.v.) og Randi Bøe er nysgjerrige på den nye «Action-Bibelen».

Sokne- og fellesrådsleiar Rannveig Brøske opplyste at sidan både sokneprest Kristin Strand og organist Ronny Kjøsen no har sagt opp stillingane sine, vil Torbjørn Brøske og Bernt Bøe halde fram som vikarar utover vårhalvåret.

Etter gudstenesta serverte soknerådet kaffe, saft og kaker til dei ganske mange frammøtte.

Powered by Labrador CMS