LESERINNLEGG:

Jenny Klinge

Fredspipa ligg klar, Gunhild Stordalen!

I den offentlege debatten om klima, kjøtt og kosthald spissar det seg fort til. Gunhild Stordalen og eg har hatt ein skikkeleg runde om temaet, og vi kjem garantert til å halde fram med å diskutere. Men no meiner eg rett og slett at det er på tide å røyke fredspipe med Stordalen.

Kritikken min mot Stordalen har mellom anna gått på det generelle rådet om å eta mindre kjøtt for klimaets del i eit husdyrland som Norge. Vi deler likevel mange verdiar og målsetningar. Eg tykkjer det er flott at ho har besøkt min gode kollega Per Olaf Lundteigen på garden hans for å lære om og diskutere matproduksjon i den norske naturen og på norske ressursar. Eg opplever at ho i stadig større grad ser verdien av det norske landbruket -«trass i» at det består av mykje husdyrhald.

Målet må vera å føre ein mest mogleg fornuftig politikk for natur og klima samtidig som vi sikrar den norske befolkninga trygg mat og ein god matberedskap. Det norske landbruket har krevande forhold å dyrke mat i. 2/3 av det lille dyrkbare arealet vi har er grasmark. Kua, sauen og geita er som mirakel i denne samanhengen, for dei kan ta opp energi frå graset, som vi menneske ikkje kan eta. Desse drøvtyggarane omdannar slik graset til mat til oss. Dette, saman med den verdifulle fisken, er grunnlaget for at det bur folk i dette landet.

Eg er glad for at Gunhild Stordalen trekker fram verdien av beiting. Beiting er undervurdert som klimavenleg matproduksjon, ved at vi kan auke karbonbindinga i jorda vesentleg. Vi bør legge til rette for mykje meir av det.

Det skjer mykje interessant i landbruket og i forskinga som peikar fram mot at matproduksjon kan gjerast både meir klimavenleg og med endå betre dyrevelferd. Ein av mine kjepphestar er at vi ikkje kan samanstille norsk husdyrhald med industrialisert landbruk i utlandet. Vi må utvikle det norske landbruket til å bli endå betre i staden for å la det gro att i misforstått kjøttskam. No registrerer eg at Stordalen nyanserer bodskapen sin om kjøtt meir - det er veldig bra. Eg for min del kan også understreke sterkare potensialet for å dyrke meir grønt i Norge.

Landbruket tek klimaansvar, men meir kan heile tida gjerast. Vi må forske og satse meir på å redusere klimagassutslepp, auke andelen norsk i kraftfôret og å sikre god jordhelse, med meir. Det er avgjerande at vi har dyktige bønder med ein lidenskap for det dei arbeider med - og eit ønske om å bidra til gode for naturen og klimaet - for at vi skal ha nok nasjonal matproduksjon på eit berekraftig vis. Då må dei få betre betalt for den svært viktige innsatsen dei gjer for å forsyne oss andre med mat. Vi i Senterpartiet er særleg opptekne av det løftet som landbruket må få.

Eg håpar og trur at Stordalen og eg kan vera einige om at berekraft også handlar om nok matproduksjon til eiga befolkning på nasjonale ressursar. Vi nordmenn treng jo protein, og varmekjære proteinhaldige vekster har ikkje gode vilkår her i nord. Husdyrhaldet vil alltid vera livsnødvendig for oss, og det er veldig kjekt at Gunhild Stordalen uttrykker større forståing for dette no.

Vi kan sikkert bli einige om meir enn dette. Fredspipa ligg klar.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Næringskomiteen

Powered by Labrador CMS