LESERINNLEGG:
Pride: Mangfald eller einsretting?
Under naturens regnboge er alle menneske like mykje verdt. Uansett kven dei måtte forelske seg i. Og uansett om dei liker å gå i flokk eller ikkje.
Eg har støtta homokampen sidan eg vart klar over tematikken som ung tenåring. Samtidig ønskjer eg, som mange andre, å sleppe å måtte markere dette på bestemte vis.
Ekte toleranse handlar ikkje om at alle skal måtte gjera likeins, men om å tåle at andre vel annleis enn vi sjølve.
Retten til å markere Pride er utvilsamt ein viktig del av ytringsfridomen. Eg trur dei fleste som gjer dette, ønskjer å fremme mangfald.
Likevel:
Retten til ikkje å måtte delta i markeringar av Pride er ein like viktig del av ytringsfridomen. Når denne retten i praksis blir stadig mindre reell for mange, fremmar det einsretting. Ikkje mangfald.
Det er fantastisk bra at samfunnet har vorte rausare og varmare overfor menneske med ei anna legning enn fleirtalet. Kvifor då bruke anledninga til å innsnevre ytringsfridomen?
Det er synd at det stadig blir skapt eit falskt inntrykk av motkrefter og fiendtlegheit der det faktisk ikkje finst. Og at haldninga “anten er du med oss eller så er du mot oss” breier om seg.
Dette burde seie seg sjølv, men må likevel seiast:
Einsretting i mangfaldets namn er uansett einsretting.
Det er i all hovudsak folk med gode intensjonar som deltek i Pride-markeringane. Likevel er det sider ved Pride som ikkje handlar om toleranse og fridom. Sider det er legitimt å vera kritisk til.
Ein del homofile ønskjer heller ikkje å markere Pride, av ulike personlege og/eller politiske årsaker. Dei svik ikkje homosaka av den grunn.
Eit “ja, men” kan vera til meir langsiktig samfunnsnytte enn eit “ja og amen”.
Ei prinsipiell tilnærming til ytringsfridom og kritisk sans går dessutan godt ihop med å vera både varmhjarta og inkluderande. Fornuft og følelsar let seg kombinere.
Under naturens regnboge er alle menneske like mykje verdt. Både dei som markerer Pride og dei som ikkje gjer det.
Jenny Klinge